Gå til innhold
English A A A
08.12.2009 INTERNASJONAL UKE 2010

Studere i utlandet?

– Som UiB-student har du bokstavelig talt verda for dine føter.

eli_kart.jpg

- UiB har utvekslingsavtalar til universitet i alle verdas hjørner. Vi håpar fleire vil gjere nytte av utvekslingstilbodet, seier Eli Ertresvaag Zachariadis.

Det meiner seksjonsleiar ved Utdanningsavdelinga, Eli Ertresvaag Zachariadis.
–  Vi har utvekslingsavtalar til universitet i alle verdas hjørner. For studenten er det berre å bestemme kvar ein vil reise, seier ho.

Fokus på utveksling

I desse dagar er planlegginga av Internasjonal veke 2010, som varer frå 18. – 22. januar, i full gang.

Formålet med arrangementet er at UiB-studentane skal la seg inspirere til eit utanlandsopphald ved å få innsikt i dei utvekslingsavtalane UiB tilbyr.

– Vi håpar at fleire vel å studere i utlandet, fortel Zachariadis.

Paraplyarrangement

- Arrangementet er eit samarbeid mellom fakulteta ved UiB, Studentparlamentet og mange studentorganisasjonar, fortel Zachariadis.

Første dagen vert det opning av arrangementet for alle studentar og tilsette på Studentsenteret. – Viserektor for internasjonalisering Astri Andresen held opningstale, og vi har invitert fleire store namn til å delta, men ingenting er fastsett enno, fortel Zachariadis.

Internasjonal kantinemeny

Studentkantinene vil mest truleg også delta med kokkekunst på arrangementet.
– Då Internasjonal dag vart arrangert på juridisk fakultet i fjor, var kantina også med.
– Dei serverte mellom anna fish and chips med oppmodinga: Vil du ha meir av dette? Studer i England! Ein kjempegod måte å inkludere fleire studentorganisasjonar på, meiner Zachariadis.

Det er fastsett at kantina på Studentsenteret vil servere ein internasjonal meny under arrangementet.

Invitert samarbeidspartnarar
I løpet av Internasjonal veke vil dei ulike fakulteta nytte ein dag til arrangementet på sitt fakultet. Då kan studentane oppgradere kunnskapen på foredrag, stille spørsmål på informasjonsstand, blant fleire aktivitetar.

– Fleire av fakulteta har invitert sine internasjonale samarbeidspartnarar til å informere om sitt studietilbod. Blant anna har juristane invitert samarbeidspartnarar frå England og frå Polen.

Vil du nytte sjansen?

Mange norske studentar vel å studere i utlandet kvart år, og Zachariadis meiner fordelane ved å velje eit utlandsopphald er mange.


– For dei som studerar språk kan motivasjonen vere å lære språket betre. For andre studentar kan ein anna studiemåte vere freistande, seier Zachariadis.

Men studentane sine utvekslingsopphald spelar også ei viktig rolle for universitetsmiljøet i Bergen.

– Om ein ser Noreg som undervisningsinstitusjon på verdsbasis, blir det klart at vi er veldig små. Vi treng utveksling for å tilføre den akademiske kulturen nye perspektiv og internasjonal, verdifull kunnskap, avsluttar ho.

Sist endret: 13.5.2011