Gå til innhold
English A A A
08.12.2009 Nyhet

Taleskriving - Med andres ord?

Å engasjere talarskribentar har blitt skjult og angitt for å vere juks.

kjeldsen_portrett3.jpg

Professor Jens E. Kjeldsen håper at det er mogleg å arrangere ein liknande konferanse også neste år.

Per i dag er det heilt vanlig at politikarar engasjerar skribentar til å skrive talar for seg. Måndag vart det halde konferanse om temaet ved UiB. Professor i retorikk, Jens E. Kjeldsen, innleia konferansen Med andres ord:

– Er det å nytte taleskribentar juks, eller er det talaren sine eigne ord, tankar og policy som vert formidla? spør han i sin introduksjon.

På programmet står føredragshaldarar frå inn- og utland, som omtalar ulike praktiske og teoretiske sider ved politisk taleskriving. Kjeldsen meiner at konferansen med dette temaet har treft ein nerve.

Analyserar presidenttalar

Professor Martin J. Medhurst frå Baylor University i Texas, fokuserte i sitt foredrag på den historiske utviklinga til prosessen bak amerikanske presidenttalar. Professoren har studert temaet sidan 1960-talet.

– Politisk taleskriving har utvikla seg frå å vere skjult praksis til å bli ein industri, seier Medhurst.

.. hysj-hysj i Noreg?

I dag er det heilt vanleg å engasjere taleskribentar. Men her til lands er ikkje virket omtalt spesielt mykje i det offentlige, ikkje på same måte som til dømes i USA.

– Skribentane si oppgåve er å formidle talarens stemme. Når vi høyrer ei tale tenker vi ikkje over at det er skrive av nokon andre, kommenterar Kjeldsen og legg til:

– Der taleskribentar blir omtalt, er det kanskje fordi noko set spørsmål ved jobben deira. Det er på same måte, om eit referat etter ein fotballkamp handlar om dommaren, kommenterar Kjeldsen.

Stor interesse

Meir enn hundre personar deltok på konferansen. Den store interessa for foredraget tolkar Kjeldsen til at det var eit behov for å trekke fram temaet.

– At så mange, deltek, viser at dette er relevant og nyttig også utanfor universitetets murar, meiner Kjeldsen.

Kjeldsen er nøgd med at så mange av konferansedeltakarane er studentar ved UiB. Ei av studentane som deltek er Terese Ramsland.

– Det er veldig bra at det blir arrangert eit slikt seminar som er opent og gratis for studentar, seier ho. Terese jobbar sjølv med å forfatte manus for studentambassadørar ved UiB. Ho er mastergradsstudent på medievitskap og skriv om retoriske verkemiddel.

Det er prosjektet Virksomme ord og Retorikkprogrammet ved Universitetet i
Bergen står bak konferansen.

Sist endret: 10.1.2012

Relevante studieprogram