Internasjonal erfaring – er det viktig?
Det er freistande å berre svare ja på det spørsmålet, seier viseadministrerande direktør for Bergen Næringslivsråd, Torbjørn Torsvik, som blir møtt med latter frå publikum.
Torsvik håper at studentane etter fullført utdanning vil ta med seg si språkerfaring, sin tileigna kulturelle kompetanse og internasjonale erfaring, ut i arbeidslivet.
På opningsprogrammet for Internasjonal Veke 2010 fortel føredraghaldarar om internasjonal erfaring både i studentøovet og som arbeidstakar. Frå talarstolen fortalde blant anna TV2 Siri Lill Mannes som har jobba i Sør-Afrika, USA og Russland, om korleis hennar studium og erfaring har ført ho dit ho er i dag.
Fleire reiser på utveksling
UiB har eit stort utvekslingstilbod. Samtidig går vegen mot ettertrakta internasjonale jobbar for mange gjennom slike utanlandsopphald.
Viserektor for internasjonale relasjonar, Astri Andresen, meiner vi no er inne i ein periode der fleire studentar reiser til utlandet.
– For å auke interessa for utveksling blant UiB-studentane, er det viktig at vi set fokus på utveksling både på fakulteta og på institutta.
Her synes ho UiB har ein jobb å gjere:
–Vi må bli flinkare til å opplyse studentane om når i studieprogrammet det passar å reise ut, og vi må anbefale utanlandske universitet ut i frå studenten sine interesse og fagområde, utdjupar Andresen.
Ho meiner at internasjonale studium er svært viktig for både studenten sjølv, samt for UiB:
– Utveksling aukar studenten si forståing for andre akademiske kulturar. Denne lærdomen treng også universitetet.
Frå forsvaret til TV2
Tv2s Siri Lill Mannes kunne med glimt i auget fortelje om ei lang internasjonal karriere, frå ein skulelei ungdom sitt første møte med verda, til karrieren som utanriksreporter og nyheitsanker i TV2.
– Som 15-åring var min store draum å jobbe i Haugesund avis, fortel Mannes. Men eitt år i Australia blant sju ulike vertsfamiliar gav meirsmak på verda og språkstudium som førte ho forbi draumane, mot nye mål.
– Om det ikkje var for at eg studerte i forsvaret eller hadde jobba i Bergen TV, ville eg aldri blitt invitert til å vere med i oppstarten av TV2, fortel den tidlegare UiB-studenten.
Prosederte for FN
Utvekslingsstudent Sunniva Schultze-Florey er enno i starten av si internasjonale karriere. Ho bestemte seg for å reise på utveksling til Tyskland .Der var ho med i ein konkurranse for å prosedere menneskerettigheitar framfor representantar frå FNs menneskerettigheitsdomstol.
– Sjølv om vi ikkje vann akkurat denne runden, har eg vunne alt, seier ho.
I ettertid av denne erfaringar har Schultze-Florey både internasjonal erfaring å vise til, gode kontaktar og fleire jobbtilbod på trappa.
Utover veka vil programmet bestå av ulike arrangement på fakulteta. Blant anna skal studentkantinene servere ein internasjonal meny, det blir kulturelle innslag av internasjonal karakter, og nokre studentar kan delta på foredrag med representantar frå internasjonale universitet som UiB har avtalar med.
Siri Lill Mannes, Sunniva Schultze-Florey og Astri Andresen etter opningsprogrammet. Foto: Karoline Vårdal
Sist endret: 23.2.2010
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)