UiB på messe
I Arenum er utdanningsmessa i full gang. På stand står UiB klar for å svare på spørsmål.
Messa vert besøkt av elevar frå vidaregåande- og ungdomskoler. I løpet av dei to dagane messa varer, skal elevane forsøke å orientere seg i jungelen av studietilbod. Målet er å finne utdanninga som passar for dei.
Deler erfaringar
På stand står representantar for UiB klare til å hjelpe dei framtidige studentane med studievalet sitt. Fire kyndige personar skal informere dei besøkjande elevane om alt som høyrer utdanningar ved UiB til.
Tordag føremiddag vrimlar det av elevar rundt standen. Spørsmål om studieliv, trivsel og val av studieby er tema som går igjen.
Marie Ernstsen er student på medievitskap og representant på messe. Det er første gang ho stiller som messedeltakar for UiB.
- Eg trudde ikkje at eg hadde så god peiling på universitetet. Men eg innser jo at etter å ha vore student i nokre år, så har ein lært del om studenttilveret og om universitetet, fortel ho med eit smil. Ernstsen synes det er ein kjekk jobb:
- Det er spesielt gøy å få den positive tilbakemeldinga frå elevane når dei har fått svar på det dei lurer på. Dei set stor pris på å få hjelp, seier ho.
Vil bli lærar
Stine Balevik frå UiB hjelper Hilde Tordal (18) som er elev ved Sotra vidaregåande skule.
- Eg er usikker på om eg skal velje lektorutdanning innan realfag, eller om eg skal studere dei realfaga eg ønskjer og bygge på med eitt årig PPU-utdanning, seier Tordal.
Men at ho vil bli lærar, det er ho sikker på. Og UiB er ein sikker vinnar på studiefronten.
- Om eg blir student ved UiB, slepp eg å flytte langt heimanfrå. I tillegg har universitetet det studiet eg vil ta. Valet om studiestad er eigentleg tatt, seier Tordal.
Frå Odda til utdanningsmesse
Elevane frå Odda vidaregåande skule, Maren Karlsen og Fredrik Hagen, har saman med klassa køyrd ein tre timers busstur for å besøkje utdanningsmessa torsdag.
Karlsen og Hagen er nysgjerrige på studietilbodet ved UiB.
- Eg har ikkje bestemt meg for kva eg vil studere, men eg har veldig lyst til Bergen, seier Karlsen.
Sist endret: 18.2.2010
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)
Relevante lenker
- Møt oss!
- Utdanningsmesse på Lillestrøm (20.01.2010)