På turné for UiB
Snart reiser studentrepresentantar på turné for å informere vidaregåande elevar om UiBs studietilbod.
I om lag to månader framover skal UiBs utsendte dekkje ti fylker og besøke over to hundre vidaregåande skoler.
Ei av dei som set seg bak rattet og reiser ut, er sosiologistudenten Ida Roselund.
– Noko av det eg gler meg mest til er å møte elevane og svare dei på spørsmål. Det er spennande å få vere med og rettleie dei til å velje riktig studium, seier ho. Rosenlund skal på turné i Hordaland og Rogaland.
Studentrekruttering
Formålet med turneen er å gjere universitetet og studietilbodet kjend for elevar som står på terskelen til å velje neste steg i utdanninga si. Ved å reise rundt til skulane får elevane høve til å spørje ein student direkte om det dei lurer på rundt studietilbodet og studentlivet.
Ingrid Nestås Mathisen ser fram til å ta fatt på turneen.
– Eg trur dette blir ei spennande utfordring. Som student ved UiB trivst eg sjølv svært godt, og eg gler meg til å dele mine erfaringar, seier ho.
Kristine Skåre er eining. Ho tek lektorutdanning ved UiB, og skal reise på turne i Agder og Telemark.
– Det blir utfordrande å halde foredrag for store forsamlingar, men det blir nok utvilsamt ein nyttig lærdom å ta med seg vidare, seier ho.
Byen er Bergen
Dei fire studentrepresentantane meiner det vil vere ei enkel oppgåve å overtyde vidaregåande elevar om at å studere ved UiB er eit godt val.
– Ved universitetet kan du i tillegg til å få ei god utdanning engasjere deg i studentorganisasjonar og ta det i bylivets mange spennande aktivitetar. Det er ein takknemleg studiestad å rekruttere komande studentar til, meiner dei.
– At UiB er eit byuniversitet trur eg også er viktig for mange av elevane som skal velje, seier Rosenlund.
Fleire på turné
UiBs utsendte reiser gjennom heile turneen saman med representantar frå andre utdanningsinstitusjonar.
- Sidan vi skal reise og tilbringe masse tid saman i to månader trur eg det kjem til å bli ein sosial turné, med nye venner og kjente, meiner Skåre.
Sist endret: 8.1.2010
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)