Gå til innhold
English A A A
27.01.2010 Nyhet

Snart opnar Kvarteret

Opninga av Bergens studenthus Det Akademiske Kvarter, byr blant anna på eit vekelangt underhaldningsprogram.

a_bruk_stianleiar.jpg

Leiar for Det akademiske Kvarter, Stian Dahle, gler seg til å vise fram det nyrenoverte studenthuset. Foto: Karoline Vårdal

a_bruk_rulleamfi.jpg

Det nye amfiet Tivoli står snart klar som konsertscene, kinosal og teaterscene. Frå tilhøyrande baren Eldorado er det førebels utsikt over salen. Foto: Karoline Vårdal

a_bruk_stiantraff.jpg

Trappetårnet som er heilt nytt bind saman det nye og det gamle Kvarteret. Foto: Karoline Vårdal

a_bruk_stolpe.jpg

Ein del av interiøret på Kvarteret er klart. I tillegg til at ein del er malt og pussa opp, har mange av romma fått nye møblar. Foto: Karoline Vårdal

- Vi håper at rektor Sigmund Grønmo vil takke ja til invitasjonen og offisielt opne Kvarteret, seier leiar Stian Dahle.

Drive av og for studentar

Sidan midten av 1990-talet har Kvarteret vore drifta av studentar som har jobba frivillig. Kvarteret vart stengd i 2006 fordi det var behov for å renovere huset. No opnar huset igjen og Dahle inviterar studentar til å engasjere seg i drifta:

- På Kvarteret kan ein blant anna jobbe med å styre lys og lyd på ulike arrangement. Ein kan også engasjere seg i vår PR-avdeling eller personalavdeling, for å nemne nokre, fortel Dahle.

Kvarteret skal vere eit samlingspunkt for studentar. Her har studentar tilbod om alt frå billig kaffi og lunsj i kafeen, til underhaldning som pubquiz eller konsertar om kvelden.
- Vi ser fram til at Kvarteret igjen blir ein samlingsstad for studentkultur, seier Dahle.

Kinderegg for studentar

Før studenthuset kan opnast att, må den komande generasjonen med Kvarteret-driftarar lærast opp. Mange av dei tidlegare frivillige har teke på seg jobben med å kurse arvtakarane.

- Mellom 300 og 400 studentar kjem til å jobbe frivillig i haust. Men vi håpar å rekruttere fleire på sikt, seier Dahle og forklarar kvifor ein bør vere med å jobbe på studenthuset:

- Som frivillig er det ein tredelt pakke ein får på Kvarteret. Ein får kompetanse på det feltet ein jobbar innan, og ikkje minst blir ein kjend med mange nye menneske. Frivillige får i tillegg rabattar på huset og høve til å delta på interne arrangement, utdjupar leiaren.

Tett program

Den påfølgjande veka etter opninga byr på eit mangfald av ulike underhaldningsinnslag.

- Det er mange bergensbaserte band på musikkprogrammet, fortel Dahle.
Blant anna kan du sjå verdskjende Datarock, eller delta på debatt om Kvarteret si historie som studenthus.

Om ditt hjarte ligg teater nærmast, kan det vere verd å vite at du har høve til å prøvespele for Studentteateret Immaturus.

- Under opningsprogrammet vil studentane blant anna møte arrangementet Helhus, ein sikker publikumsvinnar frå før Kvarteret stengde ned, forklarar Dahle.

Av heilt nye konsertkonsept nemner Dahle DJ Mash Up. Til første DJ-arrangement stiller heile femten platesnurrarar.

Tivoli på Kvarteret

Medan Kvarteret har vore stengd, har bygget vorte utvida. Blant anna har eit nytt og imponerande amfi, reist seg.

- Salen som har fått namnet Tivoli, skal bli nytta til både kinoframsyning, konsert, foredrag, teater og anna, seier Dahle.

Når benkeradene er slått ut er salen stor nok til to hundre personar, og når stolradene er rulla inn, er det plass til fire hundre personar. På det meste kan Kvarteret huse 1500 personar.

Studentar pussar opp

Sidan desember har den innvendige oppussinga av Kvarteret vore i gang. Resultatet av jobben viser seg, men det er enno mykje som gjenstår. 

- Vi har litt tid igjen til vi skal vere heilt ferdige, og eg trur vi rekk fristen akkurat, seier Dahle med eit smil.

Studentar frå Kunsthøgskolen i Bergen og Norges Kreative Fagskole har vore leigd inn til å ta seg av malingsjobbar og mindre oppussingsobjekt.

Seg sjølv likt

Eit møte med det nye Kvarteret vil for mange av dagens studentar, vere starten på ein ny epoke i studentlivet.

For dei som kjenner Kvarteret frå før dørene stengde, kan eit gjensyn by på ei nostalgisk kjensle av å vandre inn i glade, bekymringslause studenttider. Romma i den gamle delen av Kvarteret er nemleg seg sjølv like.

- I den gamle delen av bygget er trappetårnet flytta, men i dei ulike salane er det berre gjort små, synlege endringar, seier Dahle.

Eit løft for studentkulturen

At studentane får ta i bruk huset igjen, meiner Dahle vil vere positivt for studentkulturen.

- Studentane får att sin samlingsplass, og dei nye fasilitetane gjev høve til å styrke mangfaldet i studenttilbodet, meiner Dahle.

Han trur studenthuset vil auke kvaliteten på fritidstilbodet for studentar.

kvarteret.jpg

Slik ser fasaden på Kvarteret ut etter renoveringa. Foto: Det Akademiske Kvarter

Sist endret: 28.1.2010