Studiestart i vinteridyll
Kong vinter synte fram studiebyen Bergen frå si beste side under mottaket for internasjonale studentar i førre veke.
– Det har vore ein livslang draum for meg å kome til Noreg, seier den kinesiske studenten Deuts Zebach Tse.
Tse er ein av 140 utvekslingsstudentar som har vald Bergen som studiestad denne våren.
– Det er ein liten auke i talet på studentar i forhold til fjoråret, seier Vivien Aamodt som er ansvarleg for mottaket. Dei fleste utanlandsstudentane kom til Bergen i byrjinga av førre veke og deltok på mottaksprogrammet.
Ny organisering
Gjennom mottaket skal utvekslingsstudentane introduserast for Universitetet i Bergen og få svar på spørsmål om sitt utanlandsopphald.
– I år har vi møtt studentane på Fantoft, med tilbod om startpakker for studentane, samt på bystasjonen for å vise dei vidare til studentsenteret. Vi har inntrykk av at den nye ordninga har fungert godt, seier Aamot.
Gjennom mottaket blir utvekslingsstudentane introdusert for universitetet. Dei får omvisning på campus, møter studentorganisasjonane og får hjelp til å semesterregistrere seg.
Vinterlig velkomst
Fleire av dei nyankomne har kommentert det iskalde vintervêret, men Aamot gjev uttrykk for at dei fleste studentane har vore førebudde på vinterkulda.
Utvekslingsstudentane har blitt informert om at det er unntaksvis kaldt i Bergen akkurat no. Men studentane på mottaket ser ikkje ut til å la seg skremme, det gjeld heller ikkje for Tse som skal studere geografi ved UiB dette semesteret:
– Eg trivst godt i kaldt klima, så vêret her passer meg fint, seier han. Tse gler seg til å ta fatt på studentlivet og har så vidt begynt å utforske byen.
– Den første dagen vi kom gjekk vi rundt i sentrum og kikka. Mitt inntrykk av Bergen foreløpig er at det er ein veldig vakker, liten by, seier Tse.
Forelesing i norsk kultur
Tse har saman med Jessica Chiu frå Hong Kong vore med på ei forelesingsrekke om nordmenn og norsk kultur, som er ein del av mottaksprogrammet. Deira første inntrykk av nordmenn er positivt:
– De er veldig hjelpsame og vennlege, meiner dei to studentane.
Under mottaket fekk studentane hjelp til å semesterregistrere seg. Foto: Paul Sigve Amundsen
Sist endret: 12.1.2010
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)