Gå til innhold
English A A A
20.01.2010 Nyhet

Utdanningsmesse på Lillestrøm

Eit fem-sifra tal elevar jaktar i desse dagar etter sitt neste steg på utdanningsstigen.

a_bruk_erna i samtale.jpg

Erna S. Kjensjord er messedeltakar for UiB og svarar elevar på spørsmål om studietilbodet ved UiB. Foto: Karoline Vårdal

Messedeltakarane frå UiB står klare for å ta i mot vidaregåande elevar på messe i Lillestrøm.

Messedeltakarane frå UiB står klare for å ta i mot vidaregåande elevar på messe i Lillestrøm. Foto: Karoline Vårdal

Marte Midtling og Christiane Helgar er usikre på fag dei vil studere, men finn fleire fag ved UiB som dei synes er interessante.

Marte Midtling og Christiane Helgar er usikre på fag dei vil studere, men finn fleire fag ved UiB som dei synes er interessante. Foto: Karoline Vårdal

Arne Brakstad (til høgre) veit kvar han vil studere, og valet fall på Universitetet i Bergen.

Arne Brakstad (til høgre) veit kvar han vil studere, og valet fall på Universitetet i Bergen. Foto: Karoline Vårdal

For mange av avgangselevane frå vidaregåande skoler i Lillestrøm-området viser UiB seg som eit godt alternativ. Spesielt er psykologi og medisin studium mange ønskjer å søkje på.

– Grunnen til at eg vil studere i Bergen, er at eg synes det er ein veldig fin by, fortel Marte Midtling (18) som er på messe.

Val mellom UiB og Oslo

Etter å ha snakka med ein del av elevane som vurderar studium ved UiB, kjem det fram at for mange av dei som vitjar denne messa, står valet mellom å bli student i Oslo eller Bergen. Det gjeld også for Midtling og Christiane Helgar (18). Dei er i år avgangselevar ved Lillestrøm vidaregåande skole.

 – Eg tar med i vurderinga kva stad eg flyttar til når eg vel studium. Bergen trekk opp fordi det er ein veldig fin by, seier venninnene.

Noregs største utdanningsmesse

Klar på stand står om lag 200 utdanningsinstitusjonar for å informere om sine studietilbod. Blant desse er både universitet, høgskolar, folkehøgskolar og andre private høgare utdanningsinstitusjonar representerte.

I løpet av dei tre dagane messa varer, frå 19. – 21. januar, vil om lag 20.000 elevar frå nærliggjande ungdoms- og vidaregåande skolar, besøkje hallen. Målet deira er å bli betre kjende i jungelen av studietilbod og finne studiet som passar for nettopp dei.

Bergensinstitusjonane samla

Alle utdanningstilboda i Bergen, både Høgskolen, NHH, NLA og Kunsthøgskolen i Bergen, har ei utstilling saman, i regi av Utdanning i Bergen.

På stand for UiB står Martin Nielsen. Han er student ved Matematisk-Naturvitskapleg fakultet, og deltok på utdanningsmesse arrangert i Sandefjord førre veke.

– Det er kjekt å vere med og informere studentar om utdanningstilbodet ved UiB, seier han.

Fan, men ingen Brann-supportar

– Bergen er byen, er svaret Aksel Brakstad (20) gjev på spørsmål om kvifor han har lyst å studere i Bergen. For Brakstad er valet allereie tatt og studiet han ønskjer å gå på er bachelorprogram i samanliknande politikk.

– Men sjølv om eg vil studere i Bergen, så har eg ingen planer om å bli Brann-supportar. Der går grensa, fleipar han med latter i stemma.

Sist endret: 20.1.2010

Relevante lenker