Gå til innhold
English A A A
13.01.2010 Vaksinasjonstilbod 13. og 14. januar

Vaksinasjonen av studentar er i gang

- Eg er overtydd om at fleire studentar vil vaksinere seg når vi kjem ut til utdanningsinstitusjonane, seier Smittevernoverlege i Bergen kommune, Øysten Søbstad.

a_ bruk_vaksine.jpg

Her får Inger Bergheim vaksine som ein av dei første på Studentsenteret onsdag føremiddag. Foto: Karoline Vårdal

a_bruk_kø.jpg

Då vaksinestasjonen opna stod mange i kø for å få vaksine. Foto: Karoline Vårdal

a_bruk_førvaksine.jpg

Venninnene Lina Leiss (til venstre) og Inger Bergheim (til høgre) er klare for vaksina. Foto: Karoline Vårdal

a_bruk_skilt og kirke.jpg

Både ute og inne var det tydeleg skilting mot vaksinasjonslokalet. Foto: Karoline Vårdal

Tal frå Bergen Legevakt syner at personar i alderen 20-29 år er mest utsett for å få svineinfluensa. Tre av fire som er under tretti år vert smitta, noko som betyr at store delar av universitetsstudentane er i risikogruppa. Derfor har det vorte oppretta ein vaksinestasjon på Studentsenteret der alle universitetsstudentane får tilbod om vaksine.

Nesten smertefri vaksinering

Allereie då vaksinasjonsstasjonen opna onsdag morgon, stod studentane i kø.

Først måtte dei frammøtte registrerast med namn og personnummer, før turen bar vidare inn til vaksinatørane bak skiljeveggane. Prosessen gjekk raskt, og nesten smertefritt unna for studentane.

- Eit lite stikk

Venninne Inger Bergheim (25) og Lina Leiss (24) har teke oppmodinga frå kommunen og UiB, og var blant dei første studentane som fekk vaksine på Studentsenteret i dag.

- No vil du kjenne eit lite stikk, opplyser vaksinatør frå Bergen kommune, Anne Grete Arvidson, før ho set nåla i overarmen til Bergheim. Bergheim sjølv ser ut til å ta det heile med knusande ro.

På den sikre sida

Venninnene Bergheim og Leiss valde å vaksinere seg på Studentsenteret i dag fordi dei vil vere sikra:

- Sjølv om pandemien er på tilbakemarsj, er vi betre rusta om det skulle kome ei eventuell ny bølgje, seier dei to.

At vi vil få merke pandemien på ny er Søbstad overtydd om.

- Vi veit ikkje når den vil kome eller i kva form, men det er nok sannsynleg at vi vil få ei ny bølgje til våren eller i haust, seier han.

Bagatelliserar risikoen

Om vi får ei ny bølgje kan kritiske tilfeller unngåast om fleire i risikogruppa er vaksinerte. Søbstad meiner det er problematisk når mange unge bagatelliserar svineinfluensaen.
- Dei ser ikkje farane ved å bli smitta, påpeikar han og legg til:

- Å ta ein vaksine er ein forsikring på lik linje med å forsikre huset. Det er liten sjanse for at huset ditt brenn ned, men du vil vere sikra i alle tilfelle.

Leiar for koordineringsgruppa for pandemigruppa ved UiB, Kari Fuglseth, er glad for at det no vert tilbydd vaksine for universitetsstudentane:

- Vi trur dette vil føre til at fleire vaksinerar seg. Samtidig er vi glade for å kunne bidra til kommunen sitt vaksinasjonsprogram, seier ho.

 

Meir informasjon om vaksinasjonstilbodet 13. og 14. januar

a_bruk_ferdig.jpg

Leiss og Bergheim er vaksinerte, og skal no vente i 20 minutt før dei kan forlate lokalet. Foto: Karoline Vårdal

Sist endret: 14.1.2010