Gjer draumejobben verkelig
Korleis skal ein som student finne vegen til draumejobben, og for den del, vite kva bedrift som tilbyr denne stillinga?
Prosjektleiar for Arbeidslivsdagen, Oda Indgaard, trur at nokre desse spørsmåla, som gjer seg høgst relevante etter at studenttilveret er avslutta, også er viktig å ha i tankane under utdanninga. Derfor inviterte Samfunnsviternes arbeidsutvalg til Arbeidslivsdag, onsdag.
Skaff deg draumejobben
- Formålet med denne dagen er å gje studentane eit høve til å finne ut korleis dei kan oppnå jobbdraumane sine, seier Indgaard.
På arbeidslivsdagen stiller odet lokale næringslivet. Både DnB NOR, Media Noreg og Nærings- og Handelsdepartementet har representantar som presenterar bedriftene. Det årlege arrangementet tek sikte mot å gje studentane ved Samfunnsvitskapleg fakultet ein uformell arena å møte relevante bedrifter på.
- Dei bedriftene som står på årets program er bedrifter som studentane har vist interesse for, og som kan vere potensielle bedrifter for personar med forskjellige utdanningar, fortel Indgaard.
- Retorikk fungerar
Under fjorårets arrangement var det halde motivasjonskurs. I år står retorikkforedrag på plakaten; med tittelen: ”Korleis skaffe seg draumejobben?”
Det er Kjell Terje Ringdal, reotrikar og kommunikasjonsrådgjevar, som held foredraget. Ringdal har mange års erfaring frå mediebransjen og har publisert boka: ”Kunsten å overbevise.”
- Det er første gang vi tilbyr retorikkforedrag. Kurset skal blant anna ta opp korleis ein skal gjere seg attraktiv som jobbsøkjar, forklarer Indgaard.
Ringdal opnar sitt foredrag på generelt grunnlag:
- Eg har trua på den klassiske retorikken. Den kan vi alle lære masse av, for den fungerar, meiner han.
Vanskeleg arbeidsmarknad
Til tross for finanskrisetid, trur Indgaard at mange av studentane ved SV-fakultet deltek på Arbeidslivsdagen av andre grunnar enn at dei er redd for å stå utan jobb etter fullført studium:
- Eg trur at dei studentane som deltek i dag, kjem fordi dei har eit mål om kva jobb dei ønskjer etter studiet. Men sjølvsagt er Arbeidslivsdagen ein god arena for studentar å knyte kontaktar på og finne ut meir om potensielle arbeidsgjevarar, seier Ingaard.
Dei meir uformelle der studentar og arenaer møtast, har blitt mange. Tilstellingar av denne art finnes på alle fakulteta.
- Om studentane håper vi at desse viser kva aktivitet vi har og driv opp i mot arbeidslivet. Dette kan gjenspeile at vi har engasjerte studentar, og så langt har vi hatt godt oppmøte, seier Indgaard.
Klokare på karriere
Student på samfunnsøkonomi, Mathias Grønvoll (25), har fått med seg fleire arrangement under Arbeidslivsdagen.
- Eg synes at bedriftspresentasjonen til DNB Nor var interessant. Dei trainee-stillingane som DNB Nor tilbyr kan eg tenke meg å søkje, fortel han og legg til:
- Etter denne dagen veit eg litt meir om kva veg eg må velje for å få den jobben eg vil ha.
Sist endret: 8.3.2010
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)
Relevante lenker
- Satsar på regionale bedrifter (03.03.2010)