Huset med det rare i
Teateraudition, Guitar Hero Rock Off, innovasjonsdebatt eller rockekonsert? På Kvarteret får du alt dette - og litt til.
Den siste veka har avviklinga av opningsprogrammet resultert i fullt hus på Kvarteret.
Leiaren for Det Akademiske Kvarter, Stian Dahle, oppsummerar den første veka slik:
– Det har vore lange køar, masse folk og veldig god inntening.
Publikum har på lik linje med drifts- og studentorganisasjonane, teke i mot studenthuset med opna armar. Men kva er det eigentleg for ein student å oppleve på det nyopna kulturhuset?
Alt for ei kvar interesse, må vere det korrekte svaret, iallfall om ein tek eksempel i torsdagens program.
Teatralsk audition
Første arrangør ut denne ettermiddagen er Studentteateret Immaturus som held audition for stykket: ”Den skallede sangerinnen”.
– For oss er det fantastisk bra å få tilbake Kvarteret, seier leiaren for Studentteateret Immaturus, Millan Persdotter Persson.
– No har vi i tillegg ein heilt ny sal å drive teater i. Det er utrulig viktig å få tilbake eit ordentlig kulturhus midt i byen, der studentorganisasjonane er samla, meiner ho.
På golvet i Storelogen står fem meir eller mindre erfarne skodespelarar som tar i mot instruksar frå dommarpanelet. Dei improviserar karakterar, medan dei diktar livlige dialogar. Skodespelarane har eit mål for auget: Ei rolle i stykket.
Innovasjonsdebatt
I den nye fleirbrukssalen Tivoli er det duka for debatt blant rektoratet ved dei største utdanningsinstitusjonane i Bergen. Det er Studentersamfunnet som arrangerar debatten.
Samtaletemaet er innovasjon og entreprenørskap sin plass i høgare utdanning, samt dei praktiske utfordringane som lærestadane står ovanfor i denne samanhengen.
Rektor Sigmund Grønnmo ved UiB forklarar universitetet sine mål i saken.
– Det er viktig for oss å på best mogleg måte, legge til rette for at studentane kan realisere sine innovative idear, seier han.
Rockekveld
Kvelden begynner å gjere seg gjeldande på Kvarteret. Neste post på programmet er musikalsk underhaldning. Dermed er det på tide og finne fram rockefoten.
I Speilsalen har ein liten trupp samla seg for å spele Guitar Hero saman, før live-musikken tek over i Tegelverket. Her er det Bergen Realistforening (RF), ein av driftsorganisasjonane ved Kvarteret, som arrangerar dei to konsertane for kvelden.
The Goo Men og Sahg
Først ut i Tegelverket er bandet ”The Goo Men”. Med rampete sceneshow varmar dei opp publikum for kveldens hovudattraksjon: Sahg.
– Det er godt å vere tilbake i Tegelverket, gode gamle Tegelverket! ropar vokalist Olav Iversen i Sahg frå scena, før han introduserar bandmedlemmane for publikum.
Det har blitt sein kveld og snart er stengetid på Kvarteret. Frå scena tek Sahg publikum med inn i natta, med sin mørke, tunge rock, flankert av pyroeffektar og brennande faklar.
Sist endret: 21.6.2012
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)
Relevante lenker
- Snart opnar Kvarteret (27.01.2010)
- Endelig åpner Det akademiske kvarter (05.02.2010)