Gå til innhold
English A A A
24.02.2010 TRAINEE VEST

Jobbtilbod for ferskingar

Å vere nyutdanna på jobbjakt kan vere ei utfordring. Men hos Trainee Vest er det nettopp nyutdanna som er etterspurt.

A_MarteEriksrud.jpg

Marte Hagen Eriksrud er trainee i Hordaland Fylkeskommune. Foto: Karoline Vårdal

Trainee Vest er eit regionalt program som lyser ut traineestillingar mynta på deg som nylig har fullført ein grad. I fjor var det lyst ut stillingar for arbeidsgjevarar som til dømes Bergen kommune og Hordaland Fylkeskommune. Om lag ti kandidatar blir tilsett årleg.

Trainee i vest

Sidan det er få stillingar, er det stor rift om dei.

Ein av kandidatane som kom gjennom nålauget, er Marte Hagen Eriksrud. Ho fullførte master i samfunnsgeografi ved UiB i fjor. Med dette utgangspunktet fekk ho napp på ei trainee-stilling i Hordaland Fylkeskommune, som ho søkte gjennom Trainee Vest.

- Det var denne stillinga eg hadde skikkelig lyst på, og berre den eg søkte, fortel ho.

I fylkeskommunen kjenner Eriksrud seg godt ivaretatt og utfordra på jobb.

- Min arbeidsgjevar har gjeve meg klare arbeidsoppgåver og målsetjingar. Blant anna har eg jobba i prosjektgruppa for utgreiing om køprising i Bergen, forklarar ho.

Siler søkjarar

Søknadsprosessen omtalar Eriksrud som omfattande:

- Det var mange rundar og silingsprosessar undervegs, som til dømes skriftlege testar og telefonintervju, fortel ho.

Deretter vart fem resterande kandidatar invitert til ein rekrutteringsdag der dei fekk møte den aktuelle bedrifta for første gang.

- Her presenterte alle kandidatane seg sjølv og sin bakgrunn.
Tre av kandidatane vart deretter invitert til eit endeleg intervju, kort tid etter rekrutteringsdagen.

- Eg syns dette viser at arbeidsgjevaren tek seg god tid for å finne den rette til stillinga. Det ligg ein del ressursar bak tilsettinga, meiner Eriksrud.

Legg vekt på arbeidserfaring

At ein kan vise til arbeidserfaring i løpet av studietida, kan gje fordelar om ein vil søkje desse stillingane.

- Eg trur ein viktig årsak til at eg fekk jobben, er at eg har arbeidserfaring. Det viser arbeidsgjevaren at ein veit kva det vil seie å ha ein sjef, seier Eriksrud med eit smil.

Ho meiner også at det er viktig å vise interesse og gje arbeidsgjevar eit inntrykk av kven du er som person.

- Arbeidsgjevarar ønskjer å tilsette engasjerte personar som kan gjere ein god jobb. 

1. mars lyser Trainee Vest ut årets trainee-stillingar. Søknadsfristen er 11.april.

Alle trainee 2009_10.jpg

Gjennom året har trainee-kandidatane samlingar og deltar på kurs. Frå venstre: Eirik Boge, Ragnhild Haugland, Marte Hagen Eriksrud, Linn Kristin Jokerud, Ellen Fivelstad, Elisabeth Espeland, Edle Lerang Nes, Marius Kristiansen, Erlend Brekke og Øyvind Underdahl Holm.

Sist endret: 3.3.2010