Populær fysikkdag
Nesten 300 vidaregåande elevar møtte opp for å la seg rive med inn i fysikkens verd.
Anledninga er Fysikkens dag som går av stabelen i regi av Institutt for Fysikk og Teknologi på UiB. Denne dagen som er via til partikkelfysikk, er ein ny og forlenga variant av MasterClass.
– I samarbeid med CERN arrangerar vi MasterClass ved UiB. Hovudformålet for CERN er å synleggjere forskinga, men også å skape interesse rundt partikkelfysikk, forklarar Ugland.
Dagstilbod
– Vi har vald å kombinere årets MasterClass med forelesingar, og gjere det om til eit heilt dagstilbod for elevane, forklarer stipendiat Maren Ugland, som er ein av arrangørane bak dagen.
Dette er for å gjere tilbodet meir attraktivt for dei elevane som har lenger reiseveg.
- I år har vi fått besøk av elevar frå skoler utanfor Bergen som Stord og Knarvik, forklarar stipendiat og arrangør, Therese Sjursen.
Alle lærarar som har 2.og 3. klasser i vidaregåande skoler med fysikkfaget i studietilbodet sitt, har fått invitasjon til Fysikkdagen. Det resulterte i at 280 elevar deltok på forelesingane og at hundre elevar er påmelde til å utføre eksperiment.
- Vi er veldig nøgde med at så mange viser interesse for denne dagen, seier Sjursen.
Utfører eksperiment
MasterClass er kanskje mest kjent for at elevane får prøve seg sjølv ved å studere faktiske data.
Datamaterialet som vert nytta i eksperimentet kjem frå eit av dei store CERN-eksperimenta.
- Det finnast ingen fasitsvar, vi må ta utgangspunkt i det datamaterialet vi har og analysere dei, fortel Ugland.
Tid for eksperiment
Blant dei er elevane frå Fana vidaregåande skule, John Kristian Ellertsen (17) og Mads Lid (17).
- Det har vore ein artig og interessant dag, meiner dei to. Gutane sit på PC-rommet og gjer seg klare for å gjennomføre eksperimentet.
Dei får hjelp av ein masterstudent på fysikk ved UiB til å kome i gang med forsøket.
- Etter at vi har avslutta eksperimentet vert det videokonferanse saman med seks andre institusjonar som har utført det same forsøket. Då skal vi samanlikne resultata. Det er CERN som står bak videokonferansen, forklarar Ugland.
Om lag 90 universitet i Europa utfører det same eksperimentet og inviterar skuleelvar til å delta, forklarar Sjursen.
Det vil sei at til saman deltek om lag 5000 elevar på MasterClass.
Sist endret: 25.2.2010
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)
Relevante lenker
Relevante studieprogram
- Bachelorprogram i fysikk
- Masterprogram i fysikk
- Masterprogram i petroleumsteknologi
- Europeisk felles masterprogram i Kvalitet i analytisk laboratorium
- Bachelorprogram i kjemi
- Bachelorprogram i fysikk
- Masterprogram i nanovitskap
- Bachelorprogram i nanoteknologi
- Masterprogram i prosessteknologi
- Masterprogram i energi
- Masterprogram i Avansert spektroskopi (Erasmus mundus)
- Masterprogram i kjemi
- Masterprogram i fysikk
- Bachelorprogram i petroleum- og prosessteknologi