Gå til innhold
English A A A
03.02.2010 Studentpolitikk

Studentdemokrati

I Studentdemokratiet ved UiB jobbar eldsjeler for å fremme dine rettigheitar som student.

Frå venstre: Bjørn-Anders Hind, Erik Nyman Rydningen, Synnøve Mjeldheim Skaar og Hanne Kvilhaugsvik

Frå venstre: Bjørn-Anders Hind, Erik Nyman Rydningen, Synnøve Mjeldheim Skaar og Hanne Kvilhaugsvik Foto: Karoline Vårdal

Arbeidsutvalet er Studentparlamentet (SP) sitt saksførebuande og utøvande organ. Dei fire leiande representantane er studentar som er valde av Studentparlamentet, studentane sitt øvste politiske organ. Representantane i Arbeidsutvalet sit i eitt år.

Fremjar studentsaker

Nokre av Arbeidsutvalet sine viktigaste arbeidsoppgåver er å vere tilgjengelige for studentar, samt å fremje studentane sine saker opp mot til dømes Universitetsstyret ved UiB.

Arbeidsutvalet jobbar med saker som står på arbeidsprogrammet og er vedteke i SP.

- Vårt ansvar er såleis å gjennomføre den politikken som blir vedteke i Studentparlamentet, forklarar Synnøve Mjeldheim Skaar.

Samarbeid for gjennomslag

Initiativet til saker som blir behandla i Arbeidsutvalet, kjem i stor grad frå studentar:

- Vi tykkjer at studentane er flinke til å bruke oss, sjølv om vi trur at fleire saker burde vore fremje. Her må vi vere flinkare til å synleggjere oss ovanfor studentane, slik at dei kjem til oss, meiner Skaar.

Arbeidsutvalet samarbeidar med studentorganisasjonar regionalt og nasjonalt, til dømes for å påverke stortingsbenken under budsjettforhandlingar.

For å få gjennomslag for sine saker jobbar AU også aktivt opp mot Studentsamskipnaden i Bergen (SiB), Bergen Kommune, media, Norsk Studentunion (NSU) sentralt og andre som er talerør og pådrivarar for studentane sine interesser.

Styrke bachelorgraden

Arbeidsutvalet skal i år jobbe med å styrke bachelorgradane ved UiB.

- Ved å innføre meir praksis og auke fokuset på metode, håpar vi at desse gradane vil gi ei meir sjølvstendig utdanning i seg sjølv, seier Skaar.

Å vere studentrepresentant i Arbeidsutvalet inneber å ta på seg eit fagleg og studiepolitisk engasjement på fulltid. Det inneber ei eittårig studiepause for representantane.

I 2010 sit desse i Arbeidsutvalet:

Leiar og fakultetsansvarleg Synnøve Mjeldheim Skaar (22) som har bakgrunn frå fagutvalsarbeid på fakultetet. Ho har også vore medlem i Universitetsstyret.

Nestleiar og ansvarlig for læringsmiljø og likestilling, Bjørn-Anders Hind (29). Han har bakgrunn frå studentutvalet ved Det Matematisk Naturvitskapelege fakultet og har sitte i Studentparlamentet i 2009.

Hanne Kvilhaugsvik (20) (Liberal liste), fagpolitisk og forskingsansvarleg, som også er leiar for Bergen Unge Venstre og har vore fast medlem i Studentparlamentet sidan 2008.  Ho har også vore valkampsekretær.

Erik Nyman Rydningen (23) ( er velferds-, miljø- og internasjonalt ansvarlig. Han er også leiar i Bergen Liberale Studenter.

Studentparlamentet si heimeside

 

Sist endret: 8.2.2010

Relevante lenker