Skolebesøk i Bergen
Ingrid Nestås Mathisen bruker arbeidsdagane sine på å turnere vidaregåande skoler i Bergensområdet.
Formålet med utdanningsturneen er å informere avgangselevar ved vidaregåande skolar om kva ein kan utdanne seg til ved UiB.
– Det er kjekt å vere til hjelp for elevar som er i denne fasen og skal ta eit val. Eg kan jo sjølv hugse kor lite eg visste om høgare utdanning som 19-åring, seier Mathisen.
Stort nedslagsfelt
Mathisen har snakka om UiB framfor fleire tusen elevar som ho har møtt på si turnerute. Og tilbakemeldingane ho har fått så langt er positive:
– Det verkar som om elevane er svært nøgde med informasjonstilbodet. Samtidig synes eg elevane er flinke til å nytte dette høvet til å stille spørsmål om det dei lurer på.
Mathisen er også glad for den erfaringa ho har fått gjennom å snakke framfor så mange menneske.
– Det er ikkje er så farleg å snakke i store forsamlingar som eg trudde. Det går eigentleg veldig greitt, seier ho.
Møtt med takksemd
Mathisen skal besøke om lag tretti vidaregåande skoler. UiB har i desse dagar fire studentar som er på turné. Til saman skal dei fire dekkje ti fylker og besøke over to hundre vidaregåande skoler.
Onsdag var det avgangselevane ved Danielsen videregående skole sin tur til å møte UiB-studenten. Skoledagen vert innleia med ein kort presentasjon, der også andre utdanningsinstitusjonar i Bergen informerte om sine studietilbod.
Seinare held Mathisen meir detaljerte presentasjonar om studietilbodet.
– Alle elevane eg har snakka med hittil er takknemlege for opplegget vi tilbyr, seier Mathisen og legg til:
– Dette med val av høgare utdanning er eit tema som er veldig viktig for elevane, og det engasjerar dei naturleg nok i veldig stor grad, seier Mathisen.
Ho meiner at det er stor interesse for å studere ved UiB blant elevane, og delar gjerne sine erfaringar frå studentlivet.
Lærer av spørsmål
UiB-studenten opplever at elevane ho møter stiller spørsmål om svært ulike tema kring studietilbodet ved UiB.
– Derfor har eg nesten blitt ein ekspert på dette området, seier Mathisen med eit smil.
– Vi blei kursa før vi la ut på turné, men undervegs er det nok ingen tvil om at eg har lært meir, blant anna på grunn av spørsmåla elevane stiller.
Spørsmåla varierar frå detaljar om pensum, til å omhandle konkrete jobbar og kva utdanning ein må ha for å kome seg dit:
–Ein elev spurte meg kva han måtte studere for å jobbe i UDI. Andre igjen fokuserar på dei studia som dei synes er mest interessante. Og det er jo viktig, avsluttar Mathisen.
Sist endret: 17.2.2010
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)
Relevante lenker
- På turné for UiB (08.01.2010)