18.000 nye e-titlar
– For studentar betyr digitalisering at den boka dei er ute etter, aldri er utlånt.
Kontorsjef ved Universitetsbiblioteket (UB), Ole Gunnar Evensen uttaler
seg i anledning utvidinga av den elektroniske utlånshylla til UB med
18.000 nye titlar. Fredag vart det halde markering.
- Studentar treng tilvenjing
Masterstudenten Kristine Bergan som studerer historie, fortalde om sine
erfaringar med bruk av e-bøker frå sitt perspektiv.
– Eg trur det er viktig at studentane får tid på å venje seg til å
bruke fagbøker på web. For min del ser eg mange fordelar ved e-bok,
blant anna treng eg ikkje å levere inn boka etter fire vekers lån og det
er enklare å søkje i digital litteratur, seier Bergan.
Sjølv nyttar ho i stor grad vanlige bøker for å lese, og ho trur det
gjeld eit stort fleirtal av studentane. Men til nokon typar arbeid kan
e-bøker vere eit fullgodt alternativ.
– Med teknologiske nyvinningar, som til dømes å kunne markere delar av
pensum, notere i margen, eller samle utsnitt frå bøker i eit dokument
som samandrag, kan gjere e-bøkene meir attraktive for studentar, seier
ho og føyer til:
– Eg trur også e-bøker i framtida kan vere eit billigare alternativ for
studentar som skal kjøpe pensumlitteratur.
Litteratur utan restriksjonar
Det nye tilskotet av bøker har vore tilgjengelig for studentar og
tilsette sidan januar i år. Det spesielle ved det nyaste innkjøpet til
UB, pakkeløysingar på titlar frå Springer E-books, er at det ikkje
finnast restriksjonar i kjøpsavtalen som avgrensar bruken. Dermed er det
fritt fram for både nedlasting og kopiering:
– I praksis betyr det at alle publikasjonar vi har kjøpt inn kan brukast
både i undervisningsamanheng av forelesarar eller som kompendium, og til
eige bruk av både studentar og tilsette ved universitetet, fortel Evensen.
Viserektor for utdanning, Kuvvet Atakan, omtalte også avtalen med
Springer E-books sett i lys av utviklinga på feltet:
– Til tross for at teknologien ikkje er ny, så er denne avtalen ein
milepel for oss, seier han.
Dei tidlegare abonnementa som UB har teikna, har dei betalt for å
behalde, som ein lisensavtale. Med Springer E-books har ikkje UB denne
utgifta og får i tillegg påfyll på 3.500 titlar årleg.
E-tidsskrift mest populære
Bruken av e-bøker har i følgje Evensen ikkje hittil blitt omfamna av
brukarane i like stor grad som e-tidsskrift.
– Vi ser at det er veldig populært med e-tidsskrift i forhold til
papirutgåver. For vår del overvakar vi dei ulike tidsskrifta som vi
abonnerar på som kjem i papirform. Når dei ulike tidsskrifta begynner å
tilby sine publikasjonar elektronisk, bestiller vi denne tenesta og
kuttar ut papirformatet, forklarar Evensen.
Per i dag har UB om lag 180.000 e-bøker og e-tidsskrift. Sidan UB starta
opp med utleie av e-bøker i 2005 har bruken halde seg stabilt høg:
– Våre tal syner at 200.000 sider har vore i bruk av 1.3 millionar
brukarar i løpet av fjoråret, forklarar Evensen.
Per i dag finnast det ingen oversikt som viser kven som brukar
e-tenestene eller korleis dei blir brukt.
– Å følgje med på utviklinga for å få kjennskap til bruken er noko vi må
satse på framover, avsluttar Evensen.
Sist endret: 16.3.2010
Nyheter fra Utdanning
- Åpningen av UiBs internasjonale uke 2012 (08.12.2011)
- Et vinnende læringsmiljø (13.12.2011)
- Styrker sikkerheten ved sensur (26.10.2011)
- Studentenes favoritt (13.10.2011)
- - Utforsk verden som student (03.01.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Søknadsrekord for datafagene (10.05.2012)
- Research group seminar: analysis of 3D poetry // emotions on Facebook (04.05.2012)
- Autonomy and Automation in an IT society for All: When Health Care Services Move to the Home (27.03.2012)
- - Best i landet (23.03.2012)
- Skal feire Alan Turing i 2012 (16.03.2012)
- Datateknologi
- Teknologi
- Litteratur