Gå til innhold
English A A A
17.03.2010 Nyhet

Lyser ut 8 trainee-stillingar

For tredje gang lyser Trainee Vest ut stillingar for nyutdanna kandidatar.

Trainee V Eivind O.jpg

Eivind Olsvik i Trainee Vest er nøgde med å kunne lyse ut åtte stillingar i år. - Interessa blant studentar er stor allerie, fortel han.

– Vi har åtte stillingar klare og håpar å kunne lyse ut to stillingar til snarleg, fortel prosjektleiar for Trainee Vest, Eivind Olsvik

Blant bedriftene som søkjer traineekandidat i vår er BIR, BKK, Tide og Hordaland Fylkeskommune. Fleire av årets bedrifter har tidlegare tilsett kandidatar gjennom Trainee Vest.

Søkjer trainee for første gang

Bergen Næringsråd søkjer i år for første gang ein trainee. Dei ønskjer ein administrasjons-trainee med næringspolitisk interesse som på sikt kan gå inn i bedrifta som politisk rådgjevar.

– Vi har jobba for å betre kontakta mellom akademia og næringsliv, og tykkjer at å lyse ut ei traineestilling vil vere i samråd med våre mål, seier kommunikasjonssjef i Bergen Næringsråd, Atle Kvamme. Han håper deira initiativ kan vere med å statuere eit eksempel andre bedrifter vil følgje:

– At vi vil tilset ein trainee håper vi kan føre til at fleire aktørar i det lokale næringslivet vil å gjere det same.

Den kandidaten Bergen Næringsråd ønskjer å rekruttere, bør i følgje kommunikasjonssjefen ha visse kvalifikasjonar:

– Vi ønskjer å tilsette ein person som har erfaring med å utforme bodskapar og som kan fange opp essensen i tema. Den person vi ønskjer kan å kommunisere med unge menneske, og tilføye bedrifta kompetanse på dette feltet, seier Kvamme.

Fagspesifikke og generelle stillingar

Nokre av stillingane som lysast ut i vår er spissa mot avgrensa kompetansefelt, til dømes innan økonomi eller jus, medan andre stillingar er retta mot fleire fagområde.


– Vår erfaring er at dei stillingane som er retta mot breiare fagbakgrunnar har fått flest søkjarar, seier Olsvik.


Som i fjor har det heller ikkje i år mangla på interesse for stillingane frå studentane si side.

– Eg har inntrykk av at studentane er meir på hogget for å skaffe seg jobb i år. Spesielt innan enkelte fagområde kan studentane virke meir konkurransedyktige, seier Olsvik.

Han trur at trainee-stillingane er spesielt attraktive, ikkje berre fordi dei er retta mot nyutdanna, men også fordi stillingane inngår i ei pakke:

– Som trainee får ein oppfølging frå kontaktpersonar i bedrifta og ulike kurs som gir faglig påfyll i løpet av året. I tillegg byr stillingane på spennande, relevante arbeidsoppgåver. Ei anna viktig gulrot for studentane er utvilsamt at mange bedrifter ønskjer å tilsette kandidaten når året som trainee er over, seier Olsvik.

Viktig signaleffekt

Sjølv om Trainee Vest ikkje lyser ut mange stillingar, synes Olsvik det er viktig å poengtere at nettverket av bedrifter som satsar på nyutdanna, stadig har blitt utvida sidan oppstarten av Trainee Vest i 2008.

– Nettverket som per i dag tel femten bedrifter har ein viktig symboleffekt. Dette er bedrifter som ønskjer å satse på nyutdanna. Dei har mot til å tenke utanfor rammene og tør å satse på kompetanse innan fagområde som ikkje allereie er representert i bedrifta, avsluttar Olsvik.

Søknadsfrist er 11.april. Stillingsomtale finn du på: www.traineevest.no

Sist endret: 18.3.2010

Relevante lenker