Dagen for fagkritikk
Religion opplever ein renessanse i media, UiB står i ein trong økonomisk situasjon og zombiefiserte omgrep er utbreidd i akademia. På Fagkritisk dag er målet å stille fagområda i eit alternativt lys.
– Stort sett er undervisninga lagt opp slik at studentar tek i mot informasjon, enten det er å lese for å tileigne seg pensum, eller å lytte til ei forelesing. Fagkritisk dag skal gje studentane høve til å setje spørsmål ved faget sitt og det dei lærer, fortel Hanne Kvilhaugsvik, fagpolitisk og forskingsansvarlig i Studentparlamentet.
Religion i media
Torsdag gjekk den tradisjonelle fagkritiske dagen av stabelen både på Det humanistiske-, Det samfunnsvitskapelige-, og Det psykologiske fakultet. Det er fagutvala som står bak arrangementa.
Fagutvalet for religionsvitskap har valt å nytte dagen til å ta opp religion i media. Dette har tydeligvis falle i god jord hos studentane, for det er godt oppmøte i auditoriet. Ansvarleg for fagutvalet, Jane Skjoldli, forklarar bakgrunnen for årets tema:
- Religion i media er eit dagsaktuelt tema som engasjerer mange studentar. Derfor meiner vi at det ville vere interessant å invitere media som har ein religiøs profil til å snakke om dette.
Jesus drakk alkohol
Vebjørn Selbekk, samfunnsredaktør i DagenMagazinet, er blant dei som held foredrag.
– Mitt hovudbodskap her i dag er å sette fokus på den enorme auken vi har opplevd av religionsstoff i media. Det kom eit skifte etter terrorhandlingane i 2001, som har ført til at religion har fått ein enorm renessanse. Korkje før eller seinare har religion i så stor grad vore omtalt og omdiskutert i det offentlige og i media, fortel Selbekk.
Tema for føredraget spenner frå publiseringa av Muhammed-karikaturane til det nylig publiserte biletet av Jesus med øl og sigarett i handa:
- Som eg synas å ha lest i det nye testamentet, så drakk Jesus alkohol. Eg kan ikkje heilt forstå kvifor biletet har vekka så sterke reaksjonar i enkelte miljø, men dette blir oppfatta ulikt. Kjensler knytt til religion er ofte komplekse, seier Selbekk.
Kritiserar zombie-omgrep
Ved Institutt for Informasjons- og medievitskap står også fagkritikk på planen. Temaet for dagen er dei levande daude. Foredragshaldar er førsteamanuensis i Digital kultur, Daniel Apollon. Han tek opp bruk av omgrep og definisjonar i mediefaget:
– Kor nye er eigentlig dei nye media? Kva legg vi i omgrepet institusjon? Kven og kva er publikum? spør han.
Apollon set spørsmålsteikn ved nokre dei omgrepa som blant anna vert nytta for å omtale fag. Han kategoriserer dei som zombie-omgrep.
– Vi nyttar desse omgrepa i akademia, men samtidig har dei mista mykje av sitt originale meiningsinnhald og er på veg ut, seier han.
Kritisk blikk på eige fag
Andre dagsaktuelle tema på planen er blant anna den vanskelige økonomiske situasjonen som mange studentar går i møte, og korleis økonomi kan få innverknad på faget og studiekvaliteten.
Dette stod i fokus for historiestudentane. Kvilhaugsvik gjev uttrykk for at uansett tema, er det ønskjeleg at studentane skal dra personleg nytte av Fagkritisk dag:
– Vi håpar at studentane får eit utbytte av denne dagen som dei kan ta med seg vidare i sin studiekvardag. Det kan gjere studentane meir aktivt medvitne, og kritiske til det dei lærar, avsluttar Kvilhaugsvik.
Sist endret: 5.3.2010
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)