Satsar på regionale bedrifter
For tredje året på rad er det duka for Arbeidslivsdag ved det Psykologiske fakultet.
- Vi ønskjer å tilpasse programmet for alle studentane ved fakultetet, frå profesjonsstudentar i psykologi til dei som studerar pedagogikk, forklarer Olav Aase som er leiar i Arbeidslivsutvalet ved det Psykologiske fakultet (AUP).
Bedrifter jaktar ulik kompetanse
Det er fem bedrifter som stiller på stand under årets arrangement:
Pedagogisk psykologisk teneste (PPT), Helse Bergen, Trainee Vest, Make a change og Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat).
- Vi har med andre andre ord invitert bedrifter som har behov for brei kompetanse innan psykologiske og pedagogiske fagområde, forklarar Aase.
Student Edvard Bele (23) er innom Arbeidslivsdagen. Han er ferdig med master i arbeids- og organisasjonspsykologi til sommaren, og er deretter klar for arbeidslivet.
- Etter utdanninga kan eg gjerne tenke meg å jobbe i Helse Bergen, for eksempel i ei HR-stilling, seier han.
Karrierestart på vestlandet
Formålet med dagen er at studentane skal få eit innblikk i kva regionale bedrifter som kan tilby relevant jobb etter fullført utdanning:
- Mange studentar er usikre på kvar dei kan jobbe etter at dei er utsturdert. Dette er ein måte å vise studentane kva jobbtilbod som finnast der ute. I tillegg ønskjer vi at dagen skal vere ein arena der bedriftene og studentane har høve til å bli betre kjende med kvarandre, fortel Aase.
Ei av bedriftene som er på leiting etter kompetanse er Helse Bergen.
- Vi er hovudsaklig på utkikk etter psykologar som vil jobbe på sjukehus og psykiatriske avdelingar. Samtidig ønskjer vi dei studentane som har interesse for forsking, sidan forholda for dette ligg godt til rette for det hos oss, seier Tove Huse Bjerkveoll, rådgjevar for personell- og organisasjonsavdelinga i Helse Bergen.
Arena for næringslivet
Etter tidlegare arbeidslivsarrangement har representantane frå næringslivet gitt positive tilbakemeldingar:
- PPT-tenesta og Bufetat er ikkje nødvendigvis veldig synlege bedrifter og arbeidsplassar. Dette er ein god moglegheit for desse til å skape interesse for deira verksemd, og samtidig vise kva kompetanse dei treng, seier Aase.
Sist endret: 8.3.2010
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)
Relevante lenker
- Gjer draumejobben verkelig (17.02.2010)