Gå til innhold
English A A A
07.04.2010 Nyhet

3 studentar om studia i Bergen

Vi spurte ein student frå Nordland, ein frå Stavanger og ein frå Østlandet om kvifor dei valte å studere i Bergen.

Terese.jpg

Terese Ramsland studerar medievitskap. Foto: Karoline Vårdal

foto_Anders.jpg

Anders Skorpen studerar rettsvitskap (jus).

linda mc.jpg

Linda McGuffie studerar filosofi. Foto: Privat

- Valet var enkelt

Frå Stavanger i Rogaland, Terese Ramsland (25):

– Det er mange gode grunner til at eg valte å bli student Bergen. Då eg skulle velje studieby, følte eg at eg måtte komme meg litt vekk heimanfrå og stå på eigne bein. Eg trengte å bli litt vaksen, seier ho med eit smil og legg til:

–  I Bergen finn eg alt eg treng, frå idrett til kultur. Byen er akkurat passe stor og det er alltid mykje som skjer og det gjev stor valfridom. Eg trivast svært godt her, seier ho.

- Spennande å flytte langt heimanfrå

Frå Mosjøen i Nordland, Anders Skorpen (24):

- Eg bestemte meg for å studere i Bergen etter å ha høyrt mykje bra om byen og miljøet. I tillegg er Bergen eit godt stykke heimanfrå, og det var litt spennande. Eg trivast godt I Bergen og har budd her i tre år. No har eg to år igjen på studiet i rettsvitskap og eg kjem til å bu i Bergen til graden er fullført.

- Alle skrøyt av byen

Frå Larvik i Vestfold, Linda Mcguffie (28)

- Eg fekk høyre av ein eg kjenner som har studert i Bergen at det er eit godt studentmiljø her.
Før eg flytta hit for å studere hadde eg aldri vore her. Men eg liker byen veldig godt. Den er stor og liten samtidig, og eg trivast her. Eg angrar ikkje på valet i det heile.

Sist endret: 14.4.2010