Ein heim for deg
For mange betyr starten på studentlivet å flytte heimanfrå. Men kvar finn ein bustad som passar i studenttida?
I Bergen finnast mange bustadar til utleie spesielt for studentar. Studensamskipnaden (SiB) tilbyr UiB-studentar tak over hovudet til studentvenlege prisar.
Sikrar seg leilegheit
For å vere med i tildelinga av studentbustadar må ein søkje gjennom SiB Studentboligane sine nettsider. Når ein søkjer kan ein velje ulike alternativ som rom i kollektiv, eigen hybel eller ei større leilegheit for seg sjølv.
– Alle i Bergen som betalar semesteravgift kan søkje innan fristen som er 1. juni og få tildelt bustad frå og med 1.august. Om du er ny student er det lurt å vere tidlig ute med å begynne å leite etter bustad, fortel Bente Holmevik som er sal- og marknadssjef i Studentboligene.
Det er hovudtildeling i juni og fortløpande utover våren. Men mange nye studentar har ikkje fått vite om dei kjem inn på det studiet dei har søkt innan 1.juni.
– Denne problematikken har vi løyst ved at nye studentar kan takke ja til bustad hos oss, for så å takke nei om dei ikkje får studieplass ved UiB likevel, fortel Holmevik.
Økonomisk gunstig avtale
I Bergen finnast det heile 3.300 studentbustadar. Den største samlinga av hyblar og leilegheiter for studentar er lokalisert på Fantoft utanfor Bergen sentrum. Resten av tilbodet er geografisk spreidd i og kring bykjernen.
Tilbodet er populært og søkjerpågangen er stor. Holmevik meiner at avtalane studentane kan teikne med SiB gjev enkelte fordelar:
– Når du leier bustad gjennom Studentboligene er du sikra ei trygg, juridisk korrekt kontrakt og låg depositumsinnbetaling. Gjennom kontrakten får du også gratis vaktmeisterteneste.
Ulike leilegheiter
Dei ulike bustadane som er til utleie har ulik romløysing. Mange av leilegheitene er kollektiv der ein leier eit eige soverom og delar kjøkken, stove og bad med andre studentar.
– Mange som er nye studentar ser ein klar fordel ved å bu i eit kollektiv med andre studentar i same situasjon. Dei klarer raskt å få kontakt med andre fordi det å bu saman andre er ein god veg inn i studentmiljøet, seier Holmevik.
Det finnast også eigne hyblar der ein har eige bad og kjøkken, eller fasilitetar der ein delar berre bad og kjøken med andre.
– Vi har mange forskjellige typar leilegheiter, alt etter kva ein ønskjer, seier Holmevik.
Nye familiebustadar
Frå 1. august i år står nesten åtti flunkande nye leilegheiter klare for innflytting på Fantoft.
– Desse leilegheitene er spesielt tilpassa for par med og utan barn. Dei minste leilegheitene er delt inn med eit soverom, medan dei større leilegheitene har to soverom, fortel Holmevik.
Det heilt nye tilbodet ligg like ved bybanestoppet, og bybanen vil begynne å gå i trasé mellom sentrum og Fantoft i sommar.
Går på visning for deg
Har du lyst å leie bustad på den private bustadmarknaden i Bergen, kan du også få hjelp til dette.
Bergensstudenten hjelper studentar frå 16. juni til 24. august med å finne dei gode leilegheitstilboda i byen. Tenesta er gratis for studentar. Som ny student treng ein ikkje å reise til Bergen for å ta ein kikk på leilegheitene. Bergensstudenten går nemlig på visning for deg. Dei fungerar som bindeleddet mellom leietakar og huseigar.
– I tillegg til å gå på visning tilbyr vi også ein gjennomgang av leiekontrakten, for å sikre studentane gode og lovlege avtalar, fortel leiar for Velferdstinget i SiB, Leonard Kongshavn.
Sist endret: 13.4.2010
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)