Gå til innhold
English A A A
06.04.2010 MØT NÆRINGSLIVET

Fokus på karriere

Ved UiB tenkjer vi ikkje berre på studietida di – men også på arbeidslivet som ventar etter at du er ferdig hos oss.

Hanne_k2_redigert.jpg

Hanne Kristiansen som er leiar i Springbrettet, jobbar med å skape møteplassar mellom studentar og næringslivet. Foto: Karoline Vårdal

Gjennom studieåret arrangerast det derfor mange ulike karrierearrangement for UiB-studentar. Det er engasjerte studentar i fagutval ved fakulteta og i studentorganisasjonar som står bak og målet er å auke kontakten mellom næringslivet og akademia.

Karrieredag

Ein av dei største karrierearrangementa for UiB-studentar er Karrieredagen arrangert av Springbrettet. Denner organisasjonen er Bergensstudentar sitt eige karriereutval. Under dette arrangementet står rundt 200 bedrifter på stand i Grieghallen for å møte studentar.

– Denne dagen har vi normalt eit godt oppmøte av studentar, og vi får i stor grad svært positive tilbakemeldingar på arrangementet. Det virkar som om både studentar og næringslivet ser nytteverdien av denne møtearenaen, fortel leiar for Springbrettet, Hanne Kristiansen.

På Karrieredagen har studentar høve til å finne ut meir om korleis det er å jobbe for dei ulike bedriftene. Samtidig kan ein få ein peikepinn på kva arbeidskraft som trengs og er etterspurd.

Karrieredag på fakulteta

Dei ulike fakulteta vier normalt ein dag til karriere i løpet av året. Då inviterast sentrale aktørar frå det lokale næringslivet til UiB for å stå på stand eller halde bedriftspresentasjon. Dette er primært bedrifter som ønskjer å behalde den kompetansen som oppstår i universitetsmiljøet på Vestlandet.

Bedriftsbesøk

– Vi arrangerar også bedriftsbesøk. Her får både studentar og arbeidslivsaktørar høve til å bli kjende med kvarandre, fortel Kristiansen.

I 2009 besøkte studentar blant anna bedrifter som Manpower,  Norske Veritas, Bergen Group og Rolls Royce.

Karrieresenteret som er ein del av verlferdstilbodet for studentar i Bergen, tilbyr studentar rettleiing og førebuing til å skrive jobbsøknadar og førebuing til jobbintervju. Målet er å førebue dei som er studentar til den jobbsøkjeprosessen som ventar når ein har fullført studia.

Trainee Vest er ein organisasjon som to gongar i året lyser ut traineestillingar spesielt for nyutdanna. I år ønskjer aktørar som Hordaland Fylkeskommune, Bergen Næringsråd og selskapet Tide ein trainee. Det er hard konkurranse om stillingane, fordi dei er ein unik inngangsportal til spennande bedrifter.

Relevante lenker:

Sist endret: 26.6.2012

Relevante lenker