Vi tek vare på deg som er student
Di studietid vil dreie seg om mykje meir enn berre det å studere. Derfor tilbyr vi velferdsordningar slik at du kan føle deg trygg og ivareteken i kvardagen.
Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) tilbyr ei rekke velferdstilbod som dekkjer eit breitt spekter av studentars kvardagsbehov. Det er semesteravgifta du betalar som er grunnlaget for å oppretthalde og utvide velferdstilbodet. Det omfattande tilbodet er lagt opp til å ha studentvenlege prisar, medan nokre teneste er heilt gratis.
Studentar utbetrar tilbodet
– Vi har eit omfattande tilbod innan alt i frå helse til studentbustadar og idrett. Idrettstilbodet vårt er spreidd utover byen på ulike treningssenter. Dette er veldig mykje brukt av studentane, fortel Kristin Torsteinson som er fungerande informasjonssjef i SiB.
Fleirtalet av representantane som sit i styret til SiB er studentar. Styret jobbar blant anna med å vidareutvikle det velferdstilbodet som eksisterar i dag for at du som student skal ha det godt. Utviklinga vert styrt av dei sakene som studentar og styret ser på som spesielt viktige.
– I det siste har vi hatt fokus på å få i gang fleire bustadprosjekt. Blant anna ferdigstiller vi nye familieleilegheiter på Fantoft i sommar og vi skal bygge 720 nye studenthyblar like i nærleiken av sentrum, seier Torsteinson.
Eit anna satsingsområde som har vore i fokus, er tannhelseteneste:
– For nokre år tilbake innførte SiB ei eiga tannhelseteneste, berre for studentar, seier Torsteinson.
Økonomiske gode
Men velferd for UiB-studentar er meir enn idrett, tannlege og bustad. Som student hos oss får du også tilgang på andre økonomisk gunstige ordningar.
Om du i løpet av eit år skulle få legeutgifter tilsvarande meir enn 350 kroner, kan du få den resterande summen opp til frikortbeløpet refundert av Studentsamskipnaden. Alt du må gjere er å registrere summen hos SiB med gyldig studiebevis og trygdekort.
Gjennom fleire studentorganisasjonar er det også andre økonomiske gode som du kan vere obs på. Organisasjonane har gjerne gjort avtalar om studentvenlege prisar med bedrifter.
Ein interesseorganisasjon som tilbyr gunstig økonomiske forsikringsavtale er Norsk Studentunion (NSU). Her får du blant anna reiseforsikring og andre forsikringsavtalar til studentvenlege prisar.
– Å ha eit omfattande velferdstilbod er viktig for studentane, slik at dei kan tenke på andre ting i kvardagen. Gjennom slike velferdsordningar ivaretek vi studentane sine behov, men også deira ønskjer og interesser, avsluttar Torsteinson.
Sist endret: 26.4.2010
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)