Gå til innhold
English A A A
03.05.2010 Studiestart 2010

Ny student? Velkommen til fadderveke!

Fadderveka smeller ikkje i gang før til hausten – men allereie no jobbast det på spreng for å gje deg som ny student den beste moglege starten på semesteret.

Fadderuken 2009

The player will show in this paragraph

Fadderuken 2009

Fadderuken 2009 play

Fadderuken 2009

Fadderleiar HF: Fadderleiar Henriette Eriksen har tru på at årets fadderprogram vil gje nye studentar ein god start på studietida.

Fadderleiar HF: Fadderleiar Henriette Eriksen har tru på at årets fadderprogram vil gje nye studentar ein god start på studietida. Foto: Karoline Vårdal

– Vi planlegg eit breitt og variert program for fadderveka med innslag for alle interesser, fortel fadderleiar ved Det humanistiske fakultet, Henriette Eriksen.

Byvandring og grilling

Nye studentar som skal ta humanistiske fag kan vente seg eit allsidig program. På plakaten står blant anna grilling i Nordnesparken (om vêret tillet det), daglege musikkinnslag frå studentar ved Griegakademiet, kultvandring i byen, og ein innsamlingsaksjon der faddergruppene skal gå med bøsser til inntekt for Røde Kors.

– Vi har slått oss saman med fadderkomiteen ved Det juridiske fakultet om bøsseaksjonen, fortel Eriksen.

Alle som blir nye studentar ved UiB til hausten, kan sjå fram til eit spennande fadderprogram. Meir utfyllande informasjon om programmet vil nye studentar få i velkomstpakken frå universitetet.

Fadderveke til din fordel

Fadderveka er ein velkomst for nye studentar og går av stabelen ved semesterstart kvart år. Denne veka er via til å markere opninga av eit nytt skoleår. Her får du vere med på sosiale aktivitetar saman med nye medstudentar, og du får høve til å bli betre kjend med universitetet og byen. Formålet er å gje deg ein mjuk start på semesteret og studietida, der du kan bli kjend med dine nye medstudentar.

Det er universitetsstudentar som står bak gjennomføringa og planlegginga av fadderprogrammet. Planlegginga av programmet har for mange vore i gang sidan januar i år.

- Eg trur årets fadderveka i år vil by på det beste programmet nokon gang, seier Eriksen med eit smil.

Finansiert av universitetet

Aktivitetar som blir gjennomført i fadderveka er finansiert av universitetet som bevilgar pengar til fadderordninga. I tillegg vert faddergruppene sponsa med midlar frå det lokale næringslivet.

Det er ikkje berre universitetet og næringslivet som jobbar for å gjere denne første veka i Bergen til ei god oppleving: Også studentorganisasjonane stiller sine ressursar til disposisjon. Blant anna bidreg organisasjonen Studentersamfunnet med debattar og foredrag, og studentidretten stiller gratis opp med både ball og frisbee.

– Vi ønskjer å gje studentane ein liten smakebit på det vi har å tilby i Bergen, både av byen, kulturlivet og idrettsaktivitetar, seier Eriksen.

Fadderledere 2010

Fadderledere 2010 Foto: Per-Arne Larsen

Sist endret: 3.5.2010

Relevante lenker