Undervisningsformer
Forelesingar og sjølvstudium på lesesalen er viktige undervisningsformer i dei fleste fag. Sjå videosnutt som presenterer dei mest vanlege undervisningsformene.
Vi legg også opp til samarbeid i grupper og kollokvium, og seminargrupper med 10–15 studentar i kvar.
I mange fag er undersøkingar ein viktig del av læringa – enten det er labøvelser, intervju, feltarbeid eller analyse av statistikk eller tekst. Vi strekkjer oss mot jamn testing av kunnskapen i form av oppgåveinnleveringar med tilbakemelding undervegs i semesteret, og ei generelt tett og god oppfølging av deg som student. Her finst det variasjonar frå studium til studium, men poenget er: Du forsvinn ikkje i mengda hos oss, til tross for våre femten tusen studentar. Det er vi stolte av.
Sist endret: 13.7.2010
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)
Relevante lenker
- Undervisning