Eit ærefullt oppdrag
Ved opninga av det akademiske året skal Tine Blomfeldt på vegne av studentmassen ved UiB, tale til dei nye studentane. Det ser ho på som ei stor ære.
Velkomstseremonien på Muséplass er eit årleg arrangement som innleier eit nytt akademisk år for Universitetet i Bergen. I år vil seremonien innehalde ei markering i samband med terrorhandlingane 22. juli 2011. I tillegg vert det innslag av talar og musikk.
Tradisjonen tru talar leiar av Arbeidsutvalet til Studentparlamentet under denne velkomsten, og i år er det Tine som skal på talarstolen.
- Å få dele av sine erfaringar på vegne av heile studentmassen ved UiB er ei oppgåve eg ikkje tek lett på, men som eg ser fram til. Eg synes det er veldig positivt at universitetet tek studentane med på denne markeringa og gir oss ei stemme under den offisielle opninga av det akademiske året, fortel Tine.
Ho har planen klar for kva ho vil formidle til dei nye studentane frå talarstolen:
- Eg vil fortelje om studentdemokratiet ved Universitetet i Bergen, rett og slett fordi det ikkje er alle som veit at UiB er eit demokrati. Ved UiB er det slik at studentane deltek og er med å forme sin eigen studiekvardag. Det er studentrepresentantar i utval både ved institutta og fakulteta, og heilt opp i øvste organ som er universitetsstyret, fortel Tine.
Ho vil oppfordre nye studentar til å delta og engasjere seg i dette demokratiet:
- Ved å engasjere seg kan ein gjere ein forskjell og betre både sin eigen, og tusenar av andre sin studiekvardag, seier ho.
Ny og spent
Tine blei kjend med studentdemokratiet og studentkulturen etter at ho begynte ved UiB i 2009. Ho hugsar godt korleis det var å vere heilt ny student i byen:
- Eg var veldig spent på korleis studietida mi kom til å bli, men eg hadde allereie ein viss kjennskap til studenthuset Kvarteret gjennom teatertruppen Immaturus. Å vere med her var utrulig kjekt, med så mykje aktivitet samla i eitt hus! Det var gjevande å vere med å skape noko innanfor studentkulturen og eg likte meg veldig godt i dette miljøet, fortel Tine.
Ho synes det er viktig at fleire studentar følgjer hennar og mange andre studentar sitt eksempel og engasjerar seg i studietida:
- Studentkulturen er ikkje noko statisk som berre er der. Det er viktig at alle er med å bidreg der ein har interesse for det. Alle monner drar! Slik kan ein i fellesskap vere med å skape noko heilt nytt eller styrke det tilbodet som allereie finnast i fellesskap med andre. Og det er ikkje til å komme unna at ein sjølv også vil kome styrka ut av å engasjere seg:
- Engasjement er bra for eigen del også, ein får gode erfaringar og arbeidspraksis som kan bli positivt vektlagt når ein skal ut i arbeidslivet, seier Tine.
Politisk engasjert
No er ikkje Tine lenger ny student, men har fått god erfaring frå både studia og gjennom utanomfaglege engasjement. Etter å ha vore med i teateret tok ho steget inn i studentutvalet ved fakultetet sitt. Herifrå gjekk vegen vidare til Studentlisten som ho stilte til val på vegne av.
- Vervet som leiar i AU (Arbeidsutvalget) var ledig då eg kom inn via Studentlisten. Det heile var ganske tilfeldig, men eg har jobba hardt, tatt dei sjansane som har bydd seg, og derfor sit eg som leiar i Studentparlamentet i dag. Ved å engasjere meg i politikken har eg kome under huda på UiB på ein heilt annan måte enn kva eg ville gjort om eg ikkje tok politiske verv, meiner Tine.
- Lydhør for studentane
Tine har eit år i studentpolitikken bak seg og meiner at demokratiet ved UiB fungerar svært godt.
- Her er rom for at studentane kan vere med å påverke sin eigen studiekvardag. Vi har ein rektor og ei leiing som er merksame på studentane sine ønskjer og meiningar. Eg opplever at det er eit ønskje frå leiinga side å ha med studentane i viktige avgjerder. Det set eg stor pris på, avsluttar ho.
Sist endret: 10.8.2011
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)