Utekonsert på fadderprogrammet
Det er Studentradioen i Bergen (SriB) som har lagt seg i selen for å gje dei nye studentane gratiskonserten "Frekvens" på Festplassen i fadderveka.
For første gang blir det felles konsert på fadderprogrammet for alle nye studentar ved UiB. Anten du er gamal eller ung, stor eller liten, er du velkomen til å bli med, du også.
- Konserten skal i all hovudsak være for dei nye studentane ved Universitetet i Bergen, men alle er velkomne til å delta. Du må gjerne ta med heile familien din, for det er eit alkoholfritt arrangement og ingen aldersgrense, fortel Ida Angeltveit (22) som har teke på seg hovudansvaret for arrangementet.
Frå festival til fadderkonsert
Angeltveit jobbar til vanlig i Studentradioen og studerar Samanliknande politikk ved UiB. Sjølv om det å arrangere konsert ligg langt unna radiodrift, har Ida Angeltveit ei rasjonell forklaring på kvifor radiodrift blei bytta ut med ideen om å arrangere konsert:
- Vi har tidlegare brukt å arrangere Phonofestivalen på denne årstida, men i år ville vi gjere noko anna. Arbeidet med konserten kom litt seint i gang, så vi har hatt ein travel sommar, fortel Ida og ler. Men no er alt klart før konsertstart torsdag klokka 17. Også dei tre banda som skal stå på scena har blitt annonsert.
Up and coming
- Dei banda vi har valt ut, har vore favorittar på spelelista til studentradioen. Av lokale artistar har vi valt bandet Micropops, kanskje foreløpig mest kjent for vokalisten Håkon Njøten som er tidlegare Idol-deltakar. I tillegg har vi booka inn Bloody Beach som har vore Ukas urørt på P3. Frå Danmark har vi henta inn Why Don`t We Love Lucy, eit band som også har gjort seg kjente i studentradioen.
- Eg synes vi har ei bra bandliste, eg ser for meg at desse banda kjem til å bli mykje større framover enn kva dei er i dag, seier Ida.
Rekrutterar radiointeresserte
SriB blir drifta på frivillig basis, og Ida skubbar ikkje under ein stol at dei håpar denne konserten vil gjere nye studentar merksame på Studentradioen, og rekruttere studentane til å drive med radio.
- Vi treng folk til å gjere alt mogleg, både å vere programleiarar, jobbe med det tekniske, og mange andre forskjellige arbeidsoppgåver. Med denne konserten håpar vi på å rekruttere studentar som har lyst å vere med å lage god radio.
Akkurat no kan du faktisk sende inn din eigen pilot til studentradioen, så kanskje din eigen programidé kjem på lufta til hausten. Sjølv kjem Ida til å stille med eit programforslag.
- Foreløpig har eg ikkje detaljane klare, men planen er å lage eit morosamt, samfunnskritisk radioprogram, fortel ho.
Sist endret: 18.8.2011
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)