Gå til innhold
English A A A
05.09.2011 Nyhet

Vil du bli Buddy?

Har du lyst å få nye vener? Bli kjent med ein annan kultur og eit anna miljø? No har du sjansen!

Bruk.jpg

Hilde Hognaland (t.v.) og Marthe Koch Sæbø i iBuddyBergen treng fleire buddyar og oppfordrar interesserte studentar til å melde seg. Foto: Karoline Vårdal

BuddyBergen treng om lag 140 norske studentar til å vere buddyar for dei internasjonale studentane som er i Bergen dette semesteret. Studentane som søkjer norske buddyar kjem blant anna frå Tyskland, Japan, Kina, Iran og Spania, blant fleire.

- Om du er interessert i å vere buddy for ein internasjonal student vil vi høyre frå deg så snart som mogleg, seier leiar i BuddyBergen, Hilde Hognaland.

Ho anbefalar alle studentar å bli med og oppleve kor kjekt det er å vere buddy for ein internasjonal student:
 
Turist i eigen by
- Ein får mange erfaringar som ein ikkje ville fått utan å vere buddy. Du blir kjent med det internasjonale studiemiljøet i Bergen, får deg nye vener og du får trene språkkunnskapane dine. Å vere buddy gjer at ein ser Bergen på ein heilt annan måte. Det er nesten som ein blir litt turist i eigen by, meiner Hilde.

Nestleiar Marthe Koch Sæbø er heilt einig.

- Det var ikkje før eg blei buddy at eg verkelig fekk utforska Bryggen, sjølv om eg har vore student i Bergen i fleire år.

Krev ingen erfaring
Er du heilt ny student og interessert i å vere buddy? Du er hjarteleg velkomen uansett, det er ikkje nødvendig å vere erfaren student for å bli buddy.

- Ein treng ikkje å vere lommekjent i Bergen frå før av. Om begge er heilt nye i Bergen er dette ein god måte å utforske byen saman på, samtidig som ein blir kjent med kvarandre, seier Hilde.

Bli Buddy

Frå byrjinga av september arrangerar BuddyBergen aktivitetar som studentane i buddy-programmet er velkomne til å delta på. Desse arrangementa er gratis.

- Vi skal blant anna arrangere quiz, filmkveld og dansetime med instruktørar frå SiB. Som avslutning har vi planlagt Halloween-kveld på Hulen. Dette er arrangement som både buddyar og internasjonale studentar kan delta på om dei ønskjer, fortel Hilde.

Buddy etter fadderveka
Formålet med Buddy-programmet er å integrere studentar betre i det norske studentmiljøet, blant anna gjennom sosiale aktivitetar. BuddyBergen sitt program startar etter at fadderveka er over, og det ordinære semesteret er i gang.

Ein kan sjølv bestemme kor ofte ein vil treffast og kva ein ønskjer å gjere i lag. Når ein melder seg som buddy kan ein prioritere kva land den internasjonale studenten er frå, interesser, samt omtrentlig alder og kjønn  På den måten sikrar BuddyBergen at alle skal ha noko til felles med sin nye venn, og at alle får utbytte av buddy-ordninga.

BuddyBergen på Facebook

Sist endret: 5.9.2011