Ein viktig jobb
Student Cathrine Wirsching har deltatt på informasjonsturné for UiB, og ho anbefaler jobben på det sterkaste.
- Å reise på informasjonsturné saman med studentar frå andre utdanningsinstitusjonar var ei veldig kjekk og lærerik oppleving. I tillegg har eg inntrykk av at vi gjorde ein viktig informasjonsjobb som betydde mykje for elevane og deira studieval, fortel Cathrine.
Møter engasjerte elevar
Cathrine deltok på turnear i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal heilt i byrjinga av 2011. Ho turnerte på skulane i desse to fylka saman med studentar frå andre utdanningsinstitusjonar.
– Eg opplevde å bli teken veldig godt i mot når vi møtte opp på skulen om morgonen, både av elevar og lærarar. Alle var veldig engasjerte rundt vårt besøk, fortel Cathrine. Hennar inntrykk frå skulebesøka er at presentasjonane av studietilbodet var til hjelp for elevane:
- Det er så utrulig mange utdanningsinstitusjonar for elevane å velje mellom. Derfor er det veldig nyttig for elevane å få god informasjon og høve til å stille spørsmål om det dei lurer på, slik at det blir lettare for dei å finne ut kva som er riktig val.
Hyggelig møte med elevane
Møtet med elevane sit igjen som eit spesielt godt minne for Cathrine.
- Ved fleire av skulane opplevde eg at elevane fann ut kva dei ville studere etter å ha fått informasjon frå oss. Elevane ved dei vidaregåande skulane er veldig vakne, interesserte og engasjerte.
I tillegg til å bli informert om studiet, har elevane mange spørsmål som ein ikkje nødvendigvis kan lese seg til frå ein studiekatalog eller på nettsidene til UiB.
- Elevane stilte meg spørsmål, om alt i frå studieliv til kor ein kan bu som student, korleis ein blir kjent med andre, studiemiljøet i Bergen, eg fekk spørsmål om alt. For meg var det veldig kjekt å bruke arbeidsdagen til å dele av mine erfaringar som student ved UiB, fortel Cathrine.
Sosialt på turné
Når studentrepresentantane er på turné, har dei ettermiddagane fri. Og kva gjer ein då?
- Vi som deltok på turneane samlast ofte etter at arbeidsdagen var over. Vi gikk gjerne på restaurant og åt middag saman. Nokre av ettermiddagane brukte vi også til å studere. Sjølv om det er hektisk på turné, er det også mogleg å planlegge slik at ein også får konsentrert seg om studiet undervegs, avsluttar ho.
Sist endret: 31.10.2011
Nyheter fra Utdanning
- - Ein viktig jobb (01.10.2012)
- Flere får tilbud om studieplass (19.07.2012)
- Sommarmodus på Kvarteret (11.07.2012)
- Studentlivet er meir enn berre studiar (09.07.2012)
- Summer idyll on Lysøyen Island (27.06.2012)