Gå til innhold
English A A A
29.02.2012 Nyhet

Språkmagi

– Fransk var i utgangspunktet uforståelege lydar for meg, no byrjar det å bli eit heilt klart språk. Den overgangen er magisk å oppleve, seier Lars Martin.

– Eg ønskte å lære eit nytt språk og komme inn i ein heilt annan kultur. Fransk er ikkje berre grammatikk, det er ein heil sivilisasjon å bli kjent med. Eg liker breidda i faget, og dei fransktalande landa interesserer meg. Frankrike har rike filosofiske tradisjonar og ei tenking som er ganske anleis enn den eg kjenner frå Noreg, fortel Lars Martin.

– Når ein studerer språk blir ein flink til å forstå andre og setje seg inn i deira situasjon. Då må ein òg arbeide med å forstå seg sjølv betre, seier Lars Martin.

Utveksling
Alle studentar på fransk får i løpet av det første året tilbod om eit kurs i Caen nord i Frankrike. Lars Martin fortel at dette var ei positiv og nyttig erfaring. Ein får praktisert mykje og får ein god moglegheit til å bruke språket munnleg. Her er mange av studentane frå fransktalande land i Afrika, og dessutan er norsk språk eit fag som fleire franske studentar tek.

Det er også gode moglegheiter til å reise på utveksling i språkfaga. Lars Martin valde å studere filosofi ved Sorbonne 1 i Paris. Han seier at det er ein gyllen sjanse til å byggje vidare på språket, samstundes som han får lære meir om eit fagfelt som interesserer han.

– Det går veldig bra! Fordommar om arrogante parisarar synte seg å berre vere ein myte. Både lærarar og studentar tok godt imot meg. Og det er ein fornøyelse å kunne dra nytte av så flinke forelesarar. Dei forklarer vanskelege problemstillingar klart og tydeleg. Det er ein veldig god måte å lære språk på, seier Lars Martin.

I Paris finst det ein studentby der mange nasjonar har sine eigne hus. Lars Martin bur i lag med andre frå Noreg og folk frå heile verda som òg studerer i byen. Han seier at det er ein god plass å bli kjent med mange forskjellige typar menneske.

– Eg har stort utbytte av å måtte bruke fransk heile tida i ulike samanhengar. Det er mykje som må ordnast når ein er heilt ny på ein stad. Og alt skal skje på eit framandt språk, noko som jo er veldig lærerikt, seier Lars Martin – over telefon, sidan han sit i «Norges hus» i Paris.

Sist endret: 29.2.2012