Gå til innhold
English A A A
10.04.2012 STUDIEVAL

Studere noko med data

- Kva har du tenkt å bli? Er du inne i ditt siste år på vidaregåande skule er nok dette eit spørsmål du har blitt stilt mange gonger. Og det er ikkje så rart, for det er eit viktig spørsmål og tida er komen for å ta stilling til det.

Jill_W.jpg

- Digital kultur fokuserar på folk sin bruk av digital teknologi og korleis folk brukar datamaskiner, fortel professor Jill Walker. Foto: Karoline Vårdal

lars_N.jpg

- På bachelorprogrammet nye medier lærer studentane å bygge applikasjonar for mobil og å lage nettsider, seier førsteamenuensis Lars Nyre. Foto: Karoline Vårdal

Mange unge ønskjer å gjere hobbyen sin om til eit yrke, men er usikre på kor karrierevegen går. Det mange veit er at: Eg har lyst å studere noko med data. 

Er du ein av dei, har du kanskje oppdaga at ved UiB kan ein studere noko med data frå ulike innfallsvinklar – alt i frå programmering og utvikling av datasystem, til å spesialisere seg i medieteknologi eller fordjupe seg i digital kultur.

Jobbe i media

Ved Det samfunnsvitskaplege fakultet møter vi Lars Nyre som er førsteamenuensis og fagansvarleg for bachelorprogrammet nye medier. Dette er eit fag innan samfunnsvitskapen der ny medieteknologi står i fokus:

- Her lærer studentane alt i frå å bygge applikasjonar for mobil til å lage nettsider.  Studentane får god kjennskap til sosiale medium og design, i tillegg til praktisk erfaring med å skape innhald for media. Utdanninga fevner både det teknologiske aspektet og innhaldsproduksjon, noko som gjer studentane godt rusta for å jobbe i media, fortel Nyre.

Eit anna studie innan samfunnsvitskapen som omhandlar data er bachelorprogrammet i informasjonsvitskap. Denne studieretninga har større fokus på programmering enn bachelorprogrammet i nye medier.

- Studentane som tek denne utdanninga er som regel ettertrakta på arbeidsmarknaden og dei har mange moglegheitheiter. Med ein bachelor eller master vert ein kvalifisert for jobbar innan utvikling og ivaretaking av infrastruktur og sikkerheit, noko som er heilt sentralt for mange ulike bedrifter, seier Nyre.

Digital kultur

Ein kan også studere data innanfor humanistiske fag, her tilbys det ein bachelorgrad i digital kultur.

- I løpet av dette studiet skal studentane få innsikt i korleis vanlige folk brukar datamaskina og kva dei skapar ved hjelp av den, fortel professor Jill Walker. Innan digital kultur kan studentane blant anna velje webdesign som eit emne i ein grad. Studiet tek også sikte på å gi god kunnskap om bruken av sosiale medium samt utviklinga av teknologien og meir generelt om kultur og estetikk på nett.

- Det vil vere eit behov for arbeidstakarar som har god kjennskap til ulike sider ved datafaget. Med denne bakgrunnen vil ein til dømes kunne jobbe som bindeledd mellom programmerar og andre i eit prosjekt og ein vil kunne ha godt evne til å avgjere kva typar datasystem som trengs i ulike samanhengar, fortel Walker.

Lærer å utvikle datasystem

På bachelorprogramma datateknologi og datavitskap er det sentralt at studentane skal lære teknologisk problemløysing i tillegg til å programmere og utvikle gode datasystem for framtida, fortel studierettleiar Steinar Heldal.

Informasjonsteknologien er blant dei faga som er i raskast utvikling og for å kunne tilpasse seg til denne realiteten får studentane kjennskap til programvare og til teknisk utstyr og metodar. Eit anna viktig mål er også at studentane skal forstå prinsippa som ligg bak teknologien.

Vart du litt klokare på datafaga? Hugs at studierettleiarar ved UiB står klare for å hjelpe deg om du har spørsmål.

Sist endret: 10.4.2012