Ny student? Bli med på fadderveke!
Fadderveka er til for at du som er ny student skal bli kjent med Bergen, studentmiljøet og dine nye medstudentar.
I heile vår har studentar ved UiB jobba for å lage eit fadderprogram som skal gi deg ein god start på studietida. No legg dei siste finpuss på arbeidet slik at alt er klart til studiestart i august.
- Vi legg opp eit variert program med mange forskjellige aktivitetar og underhaldning, fortel fadderleiarane.
Kulturkveld, grilling og idrettsdag
Om du er ny student ved Universitetet i Bergen kan du vente deg eit allsidig fadderprogram. På plakaten står det blant anna grilling i park, kulturkveld på studenthuset Det Akademiske Kvarter (Kvarteret), og innsamlingsaksjon til støtte for Norsk Folkehjelp
- Vi håpar at alle nye studentar finn noko som passar deira interesser og at dei får ei kjekk og innhaldsrik fadderveke, seier fadderleiarane.
Kvart fakultet stiller med sitt eige fadderprogram. Programma finn du her
Fadderveke til din fordel
Fadderveka er ein velkomst for deg som er ny student og blir arrangert årlig ved semesterstart. Formålet med programmet er å gje deg som er ny ein mjuk start på semesteret og studietida. I fadderveka får du delta på sosiale aktivitetar saman med andre nye studentar, og du får høve til å bli kjent med universitetet og med studentbyen Bergen.
Støtta av universitetet
Nokre av dei aktivitetane som blir gjennomført i fadderveka er støtta av UiB. Grunnen til det er at Universitetet ønskjer å kunne legge til rettet for at nye studentar får eit program for mange ulike interesser. Målet er å gje deg ein liten smakebit på det Bergen har å tilby, både av byen, kulturlivet, samt faglige og sportslige aktivitetar.
Det er ikkje berre universitetet og fadderstyrene som jobbar for å gjere den første veka til ei god oppleving for nye studentar. Også studentorganisasjonane i Bergen stiller sine ressursar til disposisjon, blant anna samarbeidar fadderstyra med studentstaden Hulen, dei mange studentorganisasjonane som held til på Kvarteret og med BSI studentidrett.
Velkommen til fadderveke!
Sist endret: 28.6.2012
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)