Gå til innhold
English A A A
09.07.2012 SEMESTERSTART 2012

Studentlivet er meir enn berre studiar

Det er studentorganisasjonane i Bergen eit levande bevis på.

Linnea Reitan Jenssen og Kristian Olufsen2.jpg

Hf-faddrar er på plass under studenttorg. (Klikk på bildet for større versjon). Fotograf: Endre Hilleren

_MG_0389.JPG

Muffins! Fotograf: Endre Hilleren

_MG_0429.JPG

Standen til utestaden Hulen. Fotograf: Endre Hilleren

Joachim Haaland og Jørgen Berget.JPG

Frå studenttorg hausten 2011. Fotograf: Endre Hilleren

Gorilla og Lise Kleiva.JPG

Jobbe i Bergen Student-TV? Fotograf: Endre Hilleren

Som ny student har du ein unik sjanse til å gjere deg kjend med det omfattande studentmiljøet i Bergen. Tysdag 14. august er det nemlig klart for Studenttorg.

Likar du å spele fotball? Er du ein songfugl? Eller vil du kanskje engasjere deg politisk? Nesten uansett kva interesse du har, finnast det ein studentorganisasjon som dekker ditt felt. Tysdag i opningsveka får du alle studentorganisasjonane samla på eit fat!

Studenttorg blir arrangert årlig ved UiB, same dag som det er opning av nytt akademisk år på Muséplass. Studenttorget gir deg som er ny eit unikt høve til å møte studentorganisasjonane i Bergen og snakke med studentar som står på stand. Det er bort i mot 90 studentorganisasjonar som fyller treningssalen på Studentsenteret.

Ved å engasjere deg i studietida kan du verdifull arbeidserfaring som kan komme godt med på CV-en når du skal søkje jobb. I ein studentorganisasjon vil du kunne møte andre med same interesser som deg og kanskje utvide venekretsen din.

Studenttorg er opent frå kl: 11:00 – 13:00 og etter velkomstseremonien frå kl: 14:00 – 16:00.

Velkommen!

Sist endret: 9.7.2012