- Ein viktig jobb
Cathrine Wirsching har reist på informasjonsturné for UiB og ho anbefaler jobben til andre studentar.
- Å reise på informasjonsturné var ei veldig kjekk og lærerik oppleving. I tillegg trur eg vi gjorde ein viktig jobb som betydde mykje for elevane og deira studieval, seier Cathrine.
Målet med turneane er å gje elevar i den vidaregåande skulen eit meir heilskapleg bilete av studiet og kva det vil seie å vere student. Dette har Cathrine førstehandskjennskap til, sidan ho sjølv har studert rettsvitskap og er inne i sitt femte og siste år som juss-student.
Møter engasjerte elevar
Cathrine har vore på reise for UiB fleire år på rad. Turneane består av studentar frå dei fleste universiteta i Noreg og nokre høgskular. I 2011 reiste ho i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal, i januar og februar 2012 gjekk turen til Akershus og Agder.
– Eg opplevde å bli tatt veldig godt i mot når vi møtte opp på skulen om morgonen, både av elevar og lærarar. Mitt inntrykk er at det var veldig stort engasjement rundt vårt besøk, fortel Cathrine. Ho trur at besøka frå universiteta og høgskular med presentasjonar av studietilbodet var til hjelp for elevane:
- Det er så utrulig mange utdanningsinstitusjonar for elevane å velje mellom. Derfor er det veldig nyttig for elevane å få god informasjon og høve til å stille spørsmål om det dei lurer på, slik at det blir lettare for dei å finne ut kva som er riktig val.
UiB søker nye informasjonsmedarbeidarar: Les heile utlysinga her.
Hyggelig møte med elevar
Møtet med elevane sit igjen som eit spesielt godt minne for Cathrine.
- Ved fleire av skulane opplevde eg at elevane fann ut kva dei ville studere etter å ha fått informasjon frå oss. Elevane ved dei vidaregåande skulane er veldig vakne, interesserte og engasjerte.
I tillegg til å bli informert om studiet, har elevane mange spørsmål som ein ikkje nødvendigvis kan lese seg til frå ein studiekatalog eller på nettsidene til UiB.
- Elevane stilte meg spørsmål, om alt i frå studieliv til kor ein kan bu som student, korleis ein blir kjent med andre, studiemiljøet i Bergen, eg fekk spørsmål om alt. For meg var det veldig kjekt å bruke arbeidsdagen til å dele av mine erfaringar som student ved UiB, fortel Cathrine.
Sosialt på turné
Når studentrepresentantane er på turné, har dei ettermiddagane fri. Og kva gjer ein då?
- Vi som deltok på turneane samlast ofte etter at arbeidsdagen var over. Vi gikk gjerne på restaurant og åt middag saman. Nokre av ettermiddagane brukte vi også til å studere. Sjølv om det er hektisk på turné, er det også mogleg å planlegge slik at ein også får konsentrert seg om studiet undervegs, avsluttar ho.
UiB er på turné i desse fylka:
- Møre og Romsdal
- Sogn og Fjordane
- Hordaland
- Rogaland
- Vest-Agder
- Aust-Agder
- Telemark
- Oslo
- Akershus
Sist endret: 2.10.2012
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)