Gå til innhold
English A A A
23.04.2013 Nyhet

Dette må du vite som UiB-søkjar

Har du søkt UiB gjennom Samordna opptak? Her får du ei full oversikt over viktige fristar og når du kan vente informasjon frå oss.

Husk å svare på tilbodet om studieplass innan 26. juli.

Husk å svare på tilbodet om studieplass innan 26. juli. Foto: Emil Breistein

Trykk her for å legge alle hendingane rett i di eiga kalender.

10. mai

Frist for å sende inn dokumentasjon som kvalifiserar deg for opptak. Du må sende inn dokumentasjon saman med følgeskjema som du skriv ut frå nettsøknaden din.

1. juni

Dersom du har UiB som førsteprioritet på søknaden til Samordna opptak, sender vi deg eit brev med informasjon om dei ulike fristane fram mot studiestart.

1. juli

Frist for ettersending av dokumentasjon for utdanning og praksis som du avsluttar våren 2013, og frist for å omprioritere studieønske. Bruk ettersendingsslippen som du finn på nettsøknaden din når du sender inn ettersendingar.

20. juli

Tilbod om studieplass blir kunngjort på nettsøknaden din. Dersom du får tilbod om opptak til eit studium ved UiB sender vi deg ein brosjyre med all den informasjonen du treng i samband med studiestart. Her får du mellom anna vite tid og stad for orienteringsmøta, programmet for fadderveka, og alt det praktiske du må gjere som ny student.

26. juli

Frist for å svare på tilbodet om studieplass og eventuell ventelisteplass.

1. august

Du som har fått tilbod om studieplass ved UiB og takka ja til denne, vil få tilsendt eit opptaksbrev som stadfestar kva studium du har kome inn på.

Veke 33

Studiestart for nye studentar ved UiB.

 

Meir informasjon

E-post: opptak@uib.no
Tlf.: 55 58 43 00 (kvardagar mellom kl. 11-12 og 13-14.00)

_MG_5979.JPG

Velkomstseremonien finn sted på Muséplass 13. august. Foto: Endre Hilleren

Sist endret: 23.5.2013

Relaterte nyhetssaker