Hugs å stemme – legitimer dine tillitsvalde
- For at dine tillitsvalte skal kunne påverke mest mogleg er det viktig at du nyttar røysteretten din.
17. - 24. april er det val til Studentparlamentet og universitetsstyret ved UiB. Alle studentar som har betalt semesteravgifta har røysterett.
Yngve Høiseth som er leiar av Studentparlamentet ved UiB, meiner di stemme er viktig for at dei tillitsvalte skal få gjennomslag for sine saker:
- Dei tillitsvalte får meir legitimitet jo fleire som røystar!
Valet går føre seg elektronisk på denne sida: https://valg.usit.no/uib/valg/. Her loggar du deg inn med ditt vanlege UiB-brukarnamn og passord.
Studenter har óg røysterett i rektorvalet. All informasjon du treng finn du her.
Val til Studentparlamentet
Studentparlamentet (SP) er det øvste studentpolitiske organet ved UiB og er sett saman av 25 studentar. 19 av desse blir valt inn frå lister ved valet 17. - 24. april og i tillegg har kvart av dei seks fakulteta ved UiB ein studentrepresentant kvar.
SP arbeider for å ivareta studentane sine interesser. Arbeidsutvalet består av fire studentar, som arbeider på fulltid med å ivareta studentane sine interesser og med å følgja opp vedtaka, arbeidsprogrammet og politikken til Studentparlamentet.
Valet til Studentparlamentet fungerer også som val av UiB-studentane sine representantar i Velferdstinget. Dette er Studentsamskipnaden i Bergen sitt øvste studentorgan og fordeler mellom anna semesteravgiftspengane.
Val til universitetsstyret
Det er også val av to studentrepresentantar til universitetsstyret ved UiB. Desse blir valt for studieåret 2013/2014. Universitetsstyret er det øvste organet ved UiB og tar dei endelege avgjerslene på Universitetet. Styret vedtar budsjett, prioriteringar og strategiar for utdanning, forskning og anna fagleg verksemd. Styret har ansvar for at universitetet blir drive som det skal og handsamer saker om alt frå fadderveka til intern organisering.
Studentrepresentantane i universitetsstyret har særleg i oppgåve å gi uttrykk for studentane sitt syn i saker. Dei blir valt direkte av studentane og er fullverdige medlemmer av universitetsstyret.
Etter reglane skal det veljast éin studentrepresentant av kvart kjønn. Valet går føre seg ved preferanseval, slik at ein rangerer kandidatane. I år er det seks kandidatar som stiller til val til universitetsstyret, kandidatane kan du lese meir om her.
--
Meir informasjon om valet og full oversikt over listene og kandidatane finn du på denne sida: http://studentvalg.b.uib.no/
Har du spørsmål om valet til Studentparlamentet eller universitetsstyret kan du ta kontakt med Studentane sitt valstyre på epost: valgstyret@sp.uib.no. Dersom du lurer på om du står i manntalet, kan du undersøke det på denne sida: https://manntall.app.uib.no/student/
Sist endret: 22.4.2013
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)
Relevante lenker
- Klart for valg ved UiB (07.12.2012)
Relaterte nyhetssaker
- I Abels fotspor (23.07.2013)
- I kø for å studere ved UiB (19.07.2013)
- Avslutningsseremoni - starten på noko nytt (01.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- Viktige frister og datoer (25.06.2013)
- studentparlamentet
- universitetsstyret
- val
- valg
- Student