Klage på karakterfastsetjing og formelle feil ved eksamen
Dersom du meiner at det er gjort feil frå universitet si side i samband med melding til eksamen, gjennomføringa av eksamen eller fastsetjing av eksamenskarakter, kan du levere formell klage.
Klage på karakterfastsetjing/sensur
Kap. 5 § 5-3 i Universitets- og høgskolelova opnar for at du kan klage på karaterfastsetjing (sensur). Du har òg rett til å be om grunngjeving for vurderinga.
Frist for å klage er tre veker etter at sensur er gjort kjent. Om du ber om grunngjeving er fristen tre veker frå du har motteke grunngjevinga.
Ein ny kommisjon vil vurdere eksamenssvaret ditt på nytt. Karakterfastsetjinga til klagekommisjonen er endeleg og kan ikkje påklagast. Resultatet kan være både til gunst og til ugunst. Du kan ikkje klage på karakterfastsetjing for munnleg eksamen.
Når du klager på karakterfastjening, skal du bruke eit eige skjema (pdf). (NB! Nokre fakultet har eigne klageskjema.)
Sjå menyen til høgre for meir informasjon frå fakulteta om korleis du klager på karakterfastsetjing.
For meir informasjon, sjå Grads- og studiereglementet ved UiB og Retningsliner for handsaming av sensurklagar ved UiB. .
Klage på formelle feil ved eksamen
Kap. 5 § 5-2 i Universitets- og høgskolelova opnar for at kan du klage på formelle feil ved eksamen.
Fristen for å klage over formelle feil ved eksamen er tre veker etter at eksamen har funne stad.
Klagen må være skriftleg og skal sendast til det fakultetet som har ansvar for eksamenen du klager på. Det er Den sentrale klagenemnda som handsamar klagar på formelle feil ved eksamen.
Døme på formelle feil ved eksamen kan være feil i samband med gjennomføringa av eksamen som til dømes feil i eksamensoppgåvene og forholda i eksamenslokalet, eller problem i samband med vurderingsmelding.
Du kan klage på formelle ved alle typar eksamenar.
-
Klage på eksamen ved Det humanistiske fakultet
Får du eit resultat på ein skriftleg eksamen du meiner ikkje er riktig, har du rett til å klage på vurderinga som er gjort. Du kan også klage dersom du meiner det er gjort formelle feil ved eksamen.
-
Klage på eksamen ved Det juridiske fakultet
Lokale prosedyrer når du skal klage på eksamen.
-
Klage på eksamen ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Lokale prosedyrer når du skal klage på eksamen.
-
Klage på eksamen ved Det medisinsk-odontologiske fakultet
Lokale prosedyrar for å klage på karakterfesting og formelle feil ved eksamen
-
Klage på eksamen ved Det psykologiske fakultet
Som student kan du klage både over karakterfastsetting og formelle feil ved eksamen.
-
Klage på eksamen ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Dersom du mener det er gjort feil fra universitets side i forbindelse med gjennomføringen av eksamen eller ved bedømmelsen av denne, kan du levere en klage til SV-fakultetet.