Gå til innhold
English A A A

Bestilling av karakterutskrift på StudentWeb


Alle karakterutskrifter skal bestillast på StudentWeb

Pålogging til StudentWeb

Logg på med fødsels- og personnummer og 4-sifra PIN.  Har du ikkje ein PIN-kode frå før, får du tilbod om å lage ein før du kan gå vidare.

Kva slags adresse?
Du kan velgje kvar utskrifta skal sendast.  Du kan endre både semester- og heimstadadresse.


Når får eg utskrifta?
Studieadministrativ avdeling skriv ut og sender karakterutskrifta vyrkedagen etter at du har tinga karakterutskrift. Du kan også velge å vente til sensur er klar. Du kan gå inn att på StudentWeb og sjå om bestillinga di er handsama. Du kan og få ei karakterutskrift med ein gong ved å vende deg til Infosenteret ved Studieadministrativ avdeling i åpningstida (sjå lenke til høgre).

Kva inneheld utskrifta?
Karakterutskrifta inneheld alle eksamenar du har greidd ved Universitetet i Bergen. Det er ikkje mogeleg å redigere karakterutskrifta . Eksamenar du har teke utanlands i samband med utvekslingsopphald og liknande gjennom UiB, kjem IKKJE med på utskrifta.

Spørsmål som du ikkje får svar på i informasjonen over kan rettast til Informasjonssenteret ved Studieadministrativ avdeling (sjå lenke til høgre).

Sist endret: 11.1.2013