Studiar og forsking
God undervisning er basert på ny forsking, og gode studentar er ein føresetnad for fornying av forskinga.
Ved UiB vil du studere ved eit forskingsuniversitet. Det betyr at du får nærkontakt med forskinga frå første studiedag og gjennom heile studiet. Foreleserane og rettleiarane er aktive forskarar, ein del av dei heilt i verdstoppen innan sine fag.
God undervisning er basert på ny forsking, og gode studentar er ein føresetnad for fornying av forskinga. I løpet av studietida vil du i aukande grad bli involvert i forskingsmiljøa ved universitetet - ikkje berre som mottakar av lærarane si kunnskapsformidling, men som deltakarar i kunnskapsutviklinga, saman med lærarane.
Etter mastergraden kan du gå vidare til doktorgrad og ta forskarutdanning, noko som vil gi deg enda betre høve til å utforske tema som interesserer deg. Ved UiB blir det lagt stor vekt på å utdanne og skape gode karrieremoglegheiter for neste generasjon av forskarar. Forskarutdanning, som fører fram til ein doktorgrad, har til formål å utdanne sjølvstendige forskarar på internasjonalt nivå i samspel med nasjonale og internasjonale forskingsmiljø.
Sist endret: 31.10.2012
- Forskningsbasert undervisning
- Forskerutdanning