Informasjon til nye studentar
Velkomen til Universitetet i Bergen! Måndag 12. august byrjer haustsemesteret. Då er det obligatorisk oppmøte ved fakulteta, med faglege program og sosiale tilbud. Dagen etter kan du glede deg til den offisielle opningsseremonien på Muséplass.
Målet med den første veka er at du skal bli kjent med universitetet. Difor tar eksisterande studentar i mot nye studentar, og arrangerer fadderveke ved alle fakulteta.
Har du studert før?
Dersom du har teke fag tidligare, kan det vere mogleg å få inkludert di tidlegare utdanning i ein grad hos oss. Spør informasjonssenteret ved ditt fakultet.
-
Mottak av nye studenter på fakulteta
Her finn du informasjon om studiestart innan studieprogrammet du skal byrje på. På informasjonsmøtet vil faglærarar og studierettleiarar fortelle deg om programma si oppbygning og gi opplysningar om kva emne som inngår.
-
Velkomstseremoni med opning av det akademiske året
Tysdag 13. august blir ein hendingsrik dag for alle nye og gamle studentar, for då blir den offisielle opninga av det akademiske året arrangert.
-
Praktisk informasjon
Her finn du informasjon om viktige frister, semesteravgift, utdanningsplan, brukarkonto, studentkort, Mi side og IKT-tenester.
-
Bolig
Ein ordentleg stad å bu er viktig for å trivast som student. Bergen har ein stor privat leigemarknad, og i tillegg tilbyr studentsamskipnaden studenthyblar, kollektiv og leilegheiter.
-
Fadderveke
Studentene ved UiB arrangerer fadderveke for deg som er ny student. Den første veka av semesteret viser erfarne studentar deg byen og universitetsområdet. Dei hjelper deg også med praktiske ting som semesterregistrering og å skaffe deg studentkort.