Den private marknaden
Den private leigemarknaden i Bergen er stor, og der er det normalt slik at jo meir sentralt du vil bu, jo høgare er leiga.
Ønskjer du å bu aleine må du nok betale meir i månaden enn dersom du er villig til å dele leilegheit med andre. Det er vanleg blant studentar å bu i bufellesskap. Det er både sosialt og du får nokon å dele utgiftene med. Du bør følgje med i dei to avisene i byen, Bergens Tidende (bt.no) og Bergensavisen (ba.no) om du er på leiting etter bustad. Det kan også vere smart å rykkje inn ein annonse sjølv, helst i god tid før semesteret startar, eller du kan prøve lukka hos nokre av hybelformidlarane på nettet. Her finst mange aktørar, mellom anna kan du leite på finn.no og hybel.no.
Husvære til sals blir annonserte i Bergens Tidende og i Bergensavisen, men du kan også kontakte eigedomsmeklarane direkte, eller leite etter bustad til sals på finn.no.
Sist endret: 25.6.2013
Relevante lenker
- Studentbolig