Fadderuke og semesterstart ved Det psykologiske fakultet
Her finn du Det psykologiske fakultet sitt program for semesterstarten hausten 2013, og programmet for fadderarrangementa som studentane står for. Fadderuka varer frå måndag 12. august til laurdag 17. august, og har fokus på at du skal bli kjent med universitetet og dei du skal studere saman med.
Programmet for semesterstarten og fadderuka er ikkje obligatorisk, men vi tilrår at du får med deg så mykje som mogleg av arrangementa her for å ha eit best mogleg utgangspunkt som student ved UiB.
Fadderstyret har opprettet en døgnbemannet vakttelefon; 47367569.
Måndag
11.45-12.20: Velkomst for alle nye studentar ved Det psykologiske fakultet. Stad: Forum Scene, Fjøsangerveien 28 på Danmarksplass.
12.20-14.30:
- Bachelorstudentane forlet salen og blir delt inn i faddergrupper. Dei går vidare til sine programvise orienteringsmøter, og til PC-sal for semesterregistrering i lag med faddergruppa (startar kl. 13.00). Gruppene går saman til Det psykologiske fakultet, dei som har behov for transport kan kontakte studierettleiar.psyfa@uib.no.
- Årsstudentane blir att i salen for orienteringsmøtet om årsstudiet i psykologi. Etter orienteringsmøtet for årsstudiet i psykologi, kl. 13.15, blir årsstudentane delt inn i faddergrupper og går samla til Det psykologiske fakultet. Dei som har behov for transport kan ta kontakt på e-postadressa over.
15.00-16.00: Semesterregistrering i PC-sal for einskilte av faddergruppene på årsstudiet i psykologi, 30 minutt per gruppe. Sjekk tid og stad med fadderen din.
Fadderarrangement
18:00: Foredrag på fakultetet om blant anna sjekking. Quiz og snacks følgjer.
19:00: Tapas for vaksne studentar. Kontakt fadderstyret for meir informasjon og for påmelding. Du når fadderstyret på 47367569. Dette er en døgnbemannet vakttelefon.
22:00: Kveldsarrangement på Tidi
Fadderuka på Det psykologiske fakultet har eiga Facebook-side.
Tysdag
10.00-12.00: Semesterregistrering i PC-sal for einskilte av faddergruppene på årsstudiet i psykologi, 30 minutt per gruppe. Sjekk tid og stad med fadderen din.
11.00-16.00: Offisiell opning av det akademiske året med velkomstseremoni og studenttorg på Studentsenteret.
14.30-15.30: Semesterregistrering i PC-sal for einskilte av faddergruppene på årsstudiet i psykologi, 30 minutt per gruppe. Sjekk tid og stad med fadderen din.
Fadderarrangement
17:00-22:00: Rebusløp i Bergen sentrum
18:00: Psykologirevyen arrangerer "gamenight" på fakultetet
22:00: Kveldsarrangement på Bryggen Nightclub
Hugs vår Facebook-side!
Onsdag
10.00-11.30: "God start". Kurs med råd om studieteknikk og karrieretips i "Egget" på Studentsenteret.
Fadderarrangement
12:30-16:30: Orienteringsløp i Bergen by
19:00: Arrangement på Kvarteret med stand-up og quiz
Har du sjekka ut vår Facebook-side?
Torsdag
10.00-12.00: Kva skjer på fakultetet? Mini-fagdag ved Det psykologiske fakultet der du kan høyre på korte innlegg om den faglege aktiviteten på fakultetet og få informasjon om dei mange aktivitetane som Studentutvalet held på med. Program kjem her seinare.
Fadderarrangement
13:00-16:00: Idrettsdag
18:00: Morosamt foredrag om motivasjon med Mads Nordmo på fakultetet. Premie til grupper som stiller i kostyme.
ca 19:00: Bowling/tur til Fløyen - kjem an på veret!
22:00: Temafest på Aura Nightclub
Sjå meir på vår Facebook-side!
Fredag
10.15-14.00: Første førelesing i ex.phil. på Dragefjellet (Jusbygget, Magnus Lagabøtes plass). Sjekk din timeplan på Mi side eller på uib.no/utdanning.
Fadderarrangement
14:15-15:30: Lunsj på fakultetet. Gratis lunsj for å bli betre kjent med fakultetet sine lesesalar
17:00-19:00: Foredrag om dei ulike studieprogramma på fakultetet. Karrierekompasset stillar med aktivitetar utover kvelden
22:00: Kveldsarrangement på Ovenpå
Du finn fadderuka på Facebook
Sist endret: 9.7.2013
Tilhører
- Fadderuken
- semesterstart
- program