Ny student gjennom Samordna opptak 2013
Er du ny student på årsstudium eller bachelorprogram ved Det psykologiske fakultet? Her finn du den viktigaste informasjonen om studiestarten ved fakultetet vårt hausten 2013.
I kolonna til høgre finn du informasjon om tid og stad for dei ulike orienteringsmøta du skal delta på, informasjon om undervisningspåmelding, program for semesterstart og fadderveka, m.m.
| Har du fått tilbod om studieplass, men kan ikkje starte studia hausten 2013? Då må du søkje om permisjon frå studiet eller om reservasjon av studieplass dersom du vil behalde plassen din på studieprogrammet. |
Er det noko du ikkje finn svar på? Spør oss på Infosenteret.
-
Studiestartbrosjyre
Søkjarar som får tilbod om plass, får tilsendt ei eiga brosjyre med informasjon om studiestarten ved Det psykologiske fakultet.
-
Praktisk informasjon
Her finn du informasjon om viktige frister, semesteravgift, utdanningsplan, brukarkonto, studentkort, Mi side og IKT-tenester.
-
Undervisningspåmelding for nye studentar
Har du fått tilbod om studieplass på årsstudium eller bachelorprogram ved Det psykologiske fakultet gjennom Samordna opptak? Då må du seinast innan 4. august svare på ei undersøking om påmelding til gruppeundervisning for å unngå kollisjonar i timeplanen.
-
Fadderuke og semesterstart ved Det psykologiske fakultet
Her finn du Det psykologiske fakultet sitt program for semesterstarten hausten 2013, og programmet for fadderarrangementa som studentane står for. Fadderuka varer frå måndag 12. august til laurdag 17. august, og har fokus på at du skal bli kjent med universitetet og dei du skal studere saman med.
-
Læringsmiljø ved Det psykologiske fakultet
Kor er lesesalen? På desse sidene finn du informasjon om lesesalar, PC-stover og biblioteket ved Det psykologiske fakultet.