Gå til innhold
English A A A

Semesteravgift, utdanningsplan, brukarkonto, Mi side og studentkort


Det er eit tett program den første veka på universitetet, og det er mykje å hugse på. Derfor har vi laga ei oversikt over kva du må gjere og i kva rekkefølge.

Veileding

Foto: Emil Breistein

1. Betale semesteravgift

Alle som skal studere ved UiB må betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB). Vi anbefaler deg å betale så tidleg som mogleg, og helst før studiestart, for å unngå forseinking. Du må sjølv hente ut nødvendig betalingsinformasjon frå StudentWeb og betale avgifta innan 1. september.

For å logge deg på studentweb treng du fødsels- og personnummeret ditt og din personlege pin-kode. Pin-koda finn du i brevet frå UiB med tilbod om studieplass. Dersom du ikkje har motteke pin-kode kan du, kan denne også hentast på studentweb.

Vel ’Betaling’ på StudentWeb for å få fram nødvendig betalingsinformasjon som KID, kontonummer og beløp, og betal avgifta via nettbank. På StudentWeb finn du også studentnummeret ditt, som du treng for å opprette ein brukarkonto.

Semesteravgifta

Semesteravgifta er kr. 480,- (Hausten 2013). Den er med på å finansiere velferdstilboda som SiB tilbyr. I tillegg går kr. 30,- av semesteravgifta til støtte for SAIH sitt arbeid for utdanning i det sørlege Afrika og Latin-Amerika. Dersom du ikkje ønskjer å støtte SAIH kan du trekkje kr. 30,- frå fakturabeløpet og betale kr. 450,-.

Dersom du ønskar å støtte SAIH utover NOK 30,-kan du gi eit bidrag direkte til deira bankkonto. Du finn kontoopplysningar på SAIH sine sider.

2. Stadfeste utdanningsplanen

Kvart semester må du stadfeste utdanningsplanen din på studentweb.uib.no. Dette kan gjerast frå måndag 12. august. Når du loggar deg inn på StudentWeb, skal du:

  • melde deg til undervisning og vurdering
  • stadfeste at utdanningsplanen din er riktig for dette semesteret
  • finne betalingsopplysingar slik at du kan betale semesteravgifta, dersom du ikkje alt har gjort dette
  • registrere adressa di

Fristen er 1. september 2013.

Til deg som har søkt lån og stipend i Lånekassen: utbetaling blir ikkje gjort før du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen.

Semesterkort

Når du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen på StudentWeb, vil du få tilsendt ei semesterkvittering i posten. På denne kvitteringa finn du semesterkortet ditt. Det er viktig at du  registrerer adressa di i StudentWeb og sørger for at du har namn på postkassa di. Ta vare på semesterkortet, det er nødvendig for at studentkortet skal vere gyldig. På semesterkortet finn du også studentnummeret ditt.

Ta kontakt med Informasjonssenteret ved Studieadministrativ avdeling om du ikkje har fått semesterkortet innan ti dagar etter at du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen.

3. Opprette brukarkonto

Når du har teke imot tilbodet om studieplass og stadfesta utdanningsplanen din på StudentWeb, må du opprette ein brukarkonto. Det gjer du ved å gå inn på sebra.uib.no og følge instruksjonane der.

For å opprette brukarkonto treng du:

  • fødselsnummer
  • studentnummer (frå StudentWeb)
  • Pin-koden

Brukarkontoen gir deg:

  • personlege sider (Mi side)
  • eiga epostadresse
  • tilgang til pc-stover og utskrifts- og kopieringstenester
  • tilgang til UiB sitt nett frå eigen pc
  • personleg lagringsområde på nett, med backup etter UiB sine backup-rutinar

Merk deg at det kan ta inntil ein time frå du har stadfesta utdanningsplanen din til du kan opprette brukarkonto.

Tips! Lær brukarnamnet og passordet ditt utanåt.

4. Ta i bruk nettsida Mi side

Mi Side er ei personleg nettside med samla tilgang til kalender med timeplaninformasjon, pensum, emneinformasjon, meldingsteneste, personleg fillager og diskusjonsgrupper. Mykje av den faglege og administrative informasjonen blir formidla via Mi Side, og UiB forventar at du tek denne tenesta i bruk.

5. Skaffe deg studentkort

Alle studentar må ha eit studentkort. Studentkortet fungerer som:

  • identitetskort
  • nøkkelkort
  • lånekort ved Universitetsbiblioteket
  • inngangskort til SiB sine treningssenter
  • betalingskort ved utskrift og kopiering

Fotografering og avhenting gjerast på Kortsenteret på Studentsenteret. Merk at du må vise gyldig legitimasjon ved fotografering. Du må ha stadfesta utdanningsplanen og oppretta brukarkonto seinast dagen før du kan hente kortet.

Kortsenteret har utvida opningstider i veke33–35, kl. 09.00–15.00.

 

 

 

Sist endret: 29.7.2013