Velkomstseremoni med opning av det akademiske året
Tysdag 13. august blir ein hendingsrik dag for alle nye og gamle studentar, for då blir den offisielle opninga av det akademiske året arrangert.
Det blir ein dag med liv og røre, talar, pomp og prakt, underhaldning og med sal av god mat. Programmet denne dagen speglar det mangfaldige studentlivet og gir deg innsyn i kva aktivitetar som finst i studentmiljøet.
Program
11.00 - 13.00 Studenttorg i Studentsenteret
På torget deltek rundt 100 studentorganisasjonar – alt frå politiske og idealistiske organisasjonar til kor, korps, idrettslag og studentmedia. Her har du ein eineståande sjanse til å finne ut kva du vil drive med på fritida. Ikkje nøl med å ta kontakt!
13.00–14.00 Velkomstseremoni på Muséplass
Velkomstseremonien blir arrangert på Muséplass, midt i hjartet av det tradisjonsrike og ærverdige Universitetet i Bergen, med Dei naturhistoriske samlingar i Bergen som naturleg kulisse.
14.00-16.00 Studenttorg i Studentsenteret
Etter velkomstseremonien held det fram med studenttorg i Studentsenteret. Dersom du blir svolten etter seremonien, vil SiB vere på plass i Studentsenteret med freistande mat og drikke til ein billig penge.
Studentane samlar seg på Muséplass under velkomstsermonien. Fotograf: Endre Hilleren
Sist endret: 8.7.2013
Relevante lenker
- Studiestart
- Velkomstseremoni