Læringsmiljø
Læringsmiljøutval (LMU)
Læringsmiljøutvalet (LMU) ved UiB er oppnemnt i samsvar med Lov om universiteter og høgskoler § 4-3, pkt. 3. LMU er eit rådgjevande organ som har ansvar for å følgje opp spørsmål knytta til universitetet sitt fysiske og psykososiale læringsmiljø, jf. utvalet sitt mandat. Etter lova skal studentane og institusjonen ha like mange representantar i utvalet. Fem studentar blir oppnemnde av studentorganisasjonane. Dei fem resterande medlemmene er tilsetterepresentantar. Fire av tilsetterepresentantane er leiarar på høgt nivå. Den femte representanten har eit særskilt ansvar for å ivareta studentar med funksjonsnedsetjing sine rettar og behov for tilrettelegging ved UiB. Leiarstillinga i utvalet vekslar mellom studentar og institusjonen kvart anna år. Utvalet har fire faste observatørar.
Rådgjevande organ for læringsmiljø
Den viktigaste oppgåva til LMU er å sikre seg innsikt i og få oversikt over korleis studentane sitt læringsmiljø faktisk vert ivareteke ved institusjonen, for å kunne gje ei samla vurdering av situasjonen. LMU skal og utarbeide og oppretthalde formålstenlege rapportsystem for læringsmiljøet. Utvalet skal vere høyringsinstans i planleggingsarbeidet ved større prosjekt og vere representert ved ferdigsynfaring. LMU har eit særleg ansvar for universell utforming og studentar med funksjonsnedsetjing ved UiB.
Klager på læringsmiljø
LMU skal etter lova verte orientert om klager på læringsmiljøet frå studentar. LMU kan uttale seg om slike forhold til universitetsstyret. LMU skal verte gjort kjent med eventuelle pålegg og einskildevedtak som Arbeidstilsynet gjer med omsyn til institusjonen sitt læringsmiljø.
Læringsmiljøpris
UiB deler ut ein læringsmiljøpris éin gong i året etter vedtak i Læringsmiljøutvalet. Alle studentar eller studentorganisasjonar kan nominere kandidatar. Formålet med prisen er å anerkjenne miljø eller enkeltpersonar ved universitetet som har lukkast i å leggje tilhøva spesielt godt til rette for læring gjennom fagleg, pedagogisk og sosial innsats, eller gjennom tilrettelegging av det fysiske eller psykososiale læringsmiljøet.
-
Fysisk læringsmiljø
Bibliotek, PC-saler, lesesaler, informasjon for studenter med funksjonsnedsettelse.
-
Psykososialt læringsmiljø
Psykososialt læringsmiljø omfatter psykologiske og sosiale faktorer som har konsekvenser for trivsel, helse og yteevne på studiestedet.
-
Hvem arbeider for å fremme læringsmiljøet ved UiB?
Læringsmiljøutvalget, Studentsamskipnaden, studentenes tillitsmannsapparat, veilednings- og informasjonstjenestene ved UiB.
-
Retningslinjer og regelverk
Her gis en oversikt over retningslinjer og regelverk som er av betydning for studentenes læringsmiljø.