Sørviserklæring for Universitetet i Bergen
Sørviserklæringa for Universitetet i Bergen er eit oversyn over tilbod, tenester og hjelp som universitetet forpliktar seg til å gi ein student, og kva universitetet forventar seg av studenten med omsyn til studieåtferd og innsats.
Universitetets sørviserklæring er i samsvar med myndigheitenes pålegg og retningslinjer (jf. Regjeringens langtidsprogram for 1998-2001 og programmet "Et enklere Norge"). UiBs første sørviserklæring "Studentvegviseren" blei utarbeidd hausten 1999 og lagt fram for Det akademiske kollegium til orientering i møte 9.12. same år. Erklæringa har seinare blitt oppdatert, seinast mars 2007.
-
Kva er sørviserklæringa?
Sørviserklæringa for Universitetet i Bergen er eit oversyn over tilbod, tenester og hjelp som universitetet forpliktar seg til å gi ein student, og kva universitetet forventar seg av studenten med omsyn til studieåtferd og innsats. Erklæringa samsvarar med pålegg og retningslinjer frå styresmaktene.
-
Kven gjeld sørviserklæringa for?
Sørviserklæringa gjeld for alle som har ein studieplass ved UiB. Den gjeld også for internasjonale studentar der den er relevant.
-
For deg som er student
Sørviserklæringa gjeld for alle som har ein studieplass ved UiB. Den gjeld også for internasjonale studentar der den er relevant.
-
For deg som er søkjar
Sørviserklæringa omfattar dei som søkjer opptak ved UiB, både norske og internasjonale søkjarar.