Sørviserklæringa om undervisning, vurdering og eksamen
Alle studieprogram ved UiB har eit fagleg innhald som studenten skal følgje. Nokre studieprogram legg opp til stor fagleg valfridom, medan andre har det meste som obligatoriske emne. Dette er spesifisert i studieplanane for dei enkelte programma.
Når du kjem til universitetet, skal du gjere ein avtale med institusjonen om ein utdanningsplan*, dersom du er tatt opp til eit studium av minimum 60 studiepoengs omfang. Denne planen er todelt. Utdanningsplanens del I er felles for alle studentane ved UiB og omtaler generelle forhold ved studiet og synleggjer rettar og plikter mellom deg som student og UiB. Utdanningsplanens del II omtaler studieprogrammet du er tatt opp til meir i detalj og inneheld også den enkelte student sin studieprogresjon.
Utdanningsplanen er nettbasert, og du får opp din eigen Utdanningsplan når du skal registrere deg som student. Du vil da bli bedt om å stadfeste den føreslåtte planen eller velje kva for emne du skal ta i det følgjande semesteret.
Universitetets plikter og ansvar når det gjeld undervisning:
- Leggje til rette for eit forskingsbasert undervisningsopplegg som bidrar til di faglege og intellektuelle utvikling
- Formulere læringsutbytte som omfattar kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som skal vere oppnådd ved sluttført studium
- Leggje til rette undervisninga, så langt det lar seg gjere, slik at det er mogeleg for studenten å gjennomføre studia i samsvar med utdanningsplanen
- Leggje til rette for varierte undervisnings- og læringsopplegg
- Leggje undervisninga til rette slik at studentar som ønskjer det, kan delta på arrangement på fagkritiske dag
- Leggje til rette for bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i undervisning og læring
- Gi opplysningar i ditt studium/studieplan om korleis du kan delta i fag- eller kursevaluering
- Syte for at avlyst undervisning blir tatt igjen innan rimeleg tid så sant dette lèt seg gjere
- Opplyse om permisjons- og fråversordningar
Universitetet forventar at du som student:
- Tar ansvar for eiga læring
- Rettar deg etter lover og forskrifter som gjeld
- Set deg inn i studiets læringsutbytte og samla undervisnings- og læringsopplegg, samt eksamens- og vurderingsformer.
- Førebur deg og deltar i dei undervisnings- og læringsopplegg som universitetet legg til rette for, og tar ansvar for å oppfylle dei obligatoriske krava som er sett i det faget du studerer
- Ikkje gjere lyd- eller bildeopptak av undervisninga og/eller vurdering (til dømes munnleg eksamen) utan samtykke frå lærar/sensor
- Deltar i fagmiljøa si evaluering av studiekvaliteten
- Set deg inn i reglane for permisjon og fråver
Universitetet tilrår at du som student:
- Legg til rette for eiga læring gjennom ein samla studieinnsats normert til 40 timars arbeidsveke gjennom heile studieåret, tilsvarande 1600 timar i studieåret, for heiltidsstudentar
- Ikkje let lønna arbeid gå ut over arbeidet med studia og den planlagde studieprogresjonen din
- Møter regelmessig og tar aktivt del i gruppe- og kollokvieundervisninga som blir tilbydd
Universitetets plikter og ansvar når det gjeld eksamen og vurdering:
- Syter for at all relevant informasjon om eksamensmelding, eksamen, sensorordningar, klagerett og klagerutinarer lett tilgjengeleg, også på engelsk
- Eksamensplanane ligg føre ved semesterstart
- Eksamen på engelsk når emnet vert gitt på engelsk. Eksamen på engelsk, etter søknad til fakultetet, når emnet vert gitt på norsk
- Eksamen og sensur blir gjennomførte på ein profesjonell og objektiv måte
- Når studentar blir gripne i fusk eller andre brot på eksamensreglementet, så blir klare reglar og prosedyrar følgt
- Eksamen og sensur blir gjennomførte på ein profesjonell og objektiv måte
- Sensuren blir gjennomført innan dei fristar som gjeld, til vanleg 3 veker (5 veker for juridiske eksamenar)
- Klare og stabile reglar og prosedyrar for klagehandsaming
Universitetet forventar at du som student:
- Set deg nøye inn i informasjonen frå universitetet om oppmelding og eksamen
- Held deg orientert om stad og tid for eksamen ved å finne informasjon i Studentportalen
- Har respekt for andre sin produksjon og respekterer at plagiat er forbode etter norsk lov
- Møter til og gjennomfører dei eksamenane du er melde til/eventuelt trekkjer deg innan oppgitt frist
- Ber om grunngiving for eksamenskarakteren før du ev. klagar
- Held deg informert om klagefrist og universitetet sine klageprosedyrar
* Utvekslingsstudentar opptatt til UiB for eitt eller to semester får ikkje ein utdanningsplan. Internasjonale studenter opptatt på masterprogram vil få ein utdanningsplan.
Sist endret: 30.8.2010