Samspel og val
Christian Emil er i sitt tredje semester i generell psykologi. Han veit at det finst mange moglegheiter, men har enno ikkje bestemt seg for kva han vil.
– Gjennom psykologien får vi eit nytt blikk på kvardagslege ting som å snakke saman, å ta val og å lære, fortel Christian Emil.
- Christian Emil Narvesen, 21
Utdanning: Bachelorprogram i generell psykologi
– Eg har alltid vore fascinert av samspelet mellom menneske og av kva som styrer dei vala vi tek i livet. Ved å studere psykologi forstår ein betre både seg sjølv og andre. Og ein lærer at det kan vere feil å anta at andre tenkjer det same som ein sjølv. Vi er jo ulike individ.
Christian Emil er i sitt tredje semester i generell psykologi. Han veit at det finst mange moglegheiter, men har enno ikkje bestemt seg for kva han vil.
– Eg liker aller best sosialpsykologi. Det er spennande å oppleve teoriar i ein praktisk setting. Om eg er stressa, kan eg for eksempel prøve å forstå kvifor. Eller eg kan bruke teoriar om læring når eg sjølv prøver å lære meg pensum. Eg trur mange ville ha godt av å vite meir om psykologi, det er ein god nøkkel til betre forståing.
– Eit godt tips til nye studentar er å delta på seminargrupper. Det er ein fin måte å bli kjent med både faget og medstudentar på. I tillegg samlast eg og eit par medstudentar og har kollokvium. Då diskuterer vi pensum og eksamensoppgåver.
Prøvekaninar
Intervju og eksperiment er viktige metodar i psykologisk forsking. Christian Emil fortel at dei ofte blir spurde om
å delta i undersøkingar både av medstudentar og av
professorar.
– Det er ein god måte å forstå gangen i forskinga på. Ikkje berre lese om undersøkingar, men faktisk få vere med på dei. Når ein studerer psykologi, får ein dessutan innblikk i vitskaplege prosessar. Ein forstår for eksempel betre kvifor ulike undersøkingar får ulike og gjerne motstridande resultat, seier han.
Sosialt i kollektiv
Christian Emil kjem frå Drammen. Etter eit år på folkehøgskule på Voss, bestemte han seg for å bli på Vestlandet.
– Bergen har storbyelement, men samstundes ein småbyfølelse med tronge gater og lokalbutikkar. Eg bur sentralt i eit kollektiv ved Fløibanen saman med fire andre. Etter ein lang dag aleine på lesesalen er det veldig fint å komme heim og ete middag saman. Vi byter på å lage mat til kvarandre, og søndagsmiddagen er obligatorisk. Om ein ikkje dukkar opp på den, risikerer ein å bli kasta ut, smiler han.
Radiostemma
– Eg har blitt med i Studentradioen og hadde sending frå kl. 8 til 10 i dag tidleg. Programmet heiter Frokostblanding og er eit aktualitetsprogram. I dag snakka vi for eksempel om FN-dagen og om eit nyetablert plateselskap i Bergen. Det er eit godt avbrekk i studiekvardagen; veldig hyggeleg med ei god blanding av ulike folk. Og det er fint å kunne vere med på å skape noko positivt, fortel Christian Emil.
Tekst og foto: Brita Marie Servan