Kva, når og kvar?
Kva fag skal du velje? Når kan du reise? Kvar skal du studere? Korleis finansiere eit utanlandsopphald? Her finn du informasjon som du kan nytte for å finne eit utvekslingsopphald som passar for deg.
-
Finansiering
Som utanlandsstudent har du ofte meir å rutte med enn om du skulle studert i Norge. Utvekslingsprogramma Erasmus og Nordplus har gunstige stipendordningar, og Lånekassen gir ekstra stønad til reiseutgifter og eventuelle studieavgifter.
-
Når kan du reise?
Uavhengig av kvar du vil reise: Ver ute i god tid! Det er ofte mykje som skal ordnast før du kan reise ut.
-
Kvar vil du dra?
Universitetet i Bergen har samarbeidsavtalar innan dei fleste fagfelt og i alle verdsdelar. Variasjonen er stor, moglegheitene er mange, og valet er ditt!